Rangers' fjerde strake siger

Mats Zuccarello var ikkje involvert i nokon av måla då New York Rangers slo Montreal 5-3 i natt. Zucca skaffa rettnok motstandaren straffe, men Rangers-målvakt Henrik Lundqvist stansa forsøket.

Zuccarello fekk berre 15 minutt på isen.

Predators Rangers Hockey
Foto: Frank Franklin II / AP

Siste nytt

  • Norsk kollaps på siste skyting

    Både Marte Olsbu Røiseland og Ingrid Landmark Tandrevold skaut om sigeren på fellesstarten i Pokljuka, men fekk to bom på siste skyting.

    Dermed vann svenske Hanna Öberg framfor italienske Lisa Vittozzi som skaut 20 treff. Det gjorde også Anaïs Bescond frå Frankrike som fekk tredjeplassen.

    Røiseland hamna til slutt på sjetteplass, medan Tandrevold måtte nøye seg med 8.-plassen.

    Dorothea Wierer hamna på 9.-plass, og klarte difor ikkje å ta over leiartrøya i verdscupen frå Tiril Eckhoff som stod over løpet på grunn av mild sjukdom.

    Røiseland og Tandrevold
  • Dobbelt norsk i kombinert

    Jarl Magnus Riiber er overlegen i spurten og vinn framfor Jens Luraas Oftebro som spurtslo Franz-Josef Rehrl. Jørgen Graabak sikrar ein god norsk plass med ein 4., plass, medan Espen Bjørnstad tok 7.-plassen.

    Riiber er overlegen i kombinertverdscupen og er godt i rute til VM som blir arrangert i Oberstdorf – der han i dag altså vann prøve-VM.

    Jarl Magnus Riiber i lufta
  • Lundby kontrollerte inn til siger

    Maren Lundby var suveren i rumenske Rasnov og tok sigeren framfor austerrikarane Eva Pinkelnig og Chiara Hölzl.

    – Det har vore noen harde uker så detta var deilig, seier Maren Lundby.

    Lundby hadde ei stor leiing før 2. omgang, og klarte med dagens gode resultat å knappe innpå dei to austerrikarane i verdscupen samanlagd.

    Det var god norsk laginnsats. Silje Opseth fekk 8.-plassen, medan Anna Odine Strøm tok 12.-plassen.

    1WbW_5CXtrA
    Foto: Tore Meek

Sendeplan

Kl. Program Kanal