Siste nytt

  • Hoppomgang avlyst – Lundby på femte

    Den andre omgangen i kvinnene sin hoppkonkurranse blir avlyst, og dermed endar det med ein litt skuffande 5.-plass for verdscupleiar Maren Lundby. – Eg mista trykket og ramla ned nokon etasjar. Det er kjipt for meg, seier Lundby til NRK. Chiara Hölzl vinn suverent føre Ema Klinec og Katharina Althaus. Silje Opseth endar på ein 10.-plass. Anna Odine Strøm blir nummer 19.

    Verdenscup hopp kvinner
    Foto: Tore Meek / NTB scanpix
  • Skuffande av Lorentzen

    Håvard Holmefjord Lorentzen enda på 16.-plass i Nagano, med berre fire løparar bak seg på resultatlista. Dette er nok ein nedtur for den regjerande OL-meisteren på 500-meteren i Pyeongchang. I dag var han nesten eit sekund bak gulltida frå OL.

    Verdenscup skøyter
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
  • Kvinnehopp utsett til 14.30

    Hopprennet for kvinner er utsett til 14.30 i ettermiddag på grunn av mykje vind i bakken. Berre tre hopparar fekk sett utfor før juryen bestemte seg for at det var uforsvarleg å halde fram. Maren Lundby jaktar sin 28. verdscupsiger i tyske Klingenthal.

    Hopp Damer, verdenscup Lillehammer
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal