For fyrste gong i karrieren stod Ragnhild Mowinckel åleine att på toppen i eit verdscuprenn.
Nedover løypa leia Mowinckel heile veigen, og ved siste passering var ho 21 hundredelar framfor tyske Viktoria Rebensburg.
Men frå siste passering og inn til mål tapte Mowinckel tid, og i mål var ho tre fattige hundredelar frå sin fyrste verdscupsiger. Mowinckel var likevel hoppande glad i målområdet for andreplassen.
– Eg stolar mykje meir på meg sjølv og måten eg køyrer på, og det gjev tydelegvis resultat, seier Ragnhild Mowinckel etter andreplassen.
– Uvant situasjon
Då alle dei andre kvinnene hadde køyrd og Viktoria Rebensburg leia i mål, sto 25-åringen åleine att på toppen. Det tykte ho var ein spesiell situasjon.
– Det er jo ein uvant situasjon å stå att åleine på toppen. Men akkurat i dag hadde eg berre lyst til køyre fort, og då er det eitt feitt om ein køyrer fyrst eller sist. Så i dag tenkte eg at eg berre skulle gje gass, og det er den innstillinga eg prøver å køyre med for tida, seier 25-åringen.
Verdscuprennet i Kronplatz vart nok ein opptur for Mowinckel, sidan dette berre var andre gong ho er på pallen i eit verdscuprenn.
Fyrste gong det skjedde var i franske Val-d'Isère like før jul. Det var fyrste gong ei norsk kvinne har vore på pallen i eit fartsrenn i verdscupen på 18 år.
Mest glad i storslalåm
– For ei gjennomføring av Ragnhild Mowinckel. Ho går på akkurat som i fyrste omgang, men i mellompartiet bikkar ho litt inn i nokre svingar, seier NRKs ekspertkommentator Lars Elton Myhre.
No har Mowinckel kome på pallen i både storslalåm og super-G. Og sjølv om pallplassen i Val-d'Isère i super-G før jul var etterlengta, er ho mest glad i storslalåm.
– Akkurat no er eg like god i storslalåm og super-G. Men det er storslalåm som kanskje ligg meg nærast for det er der eg har hatt best resultat over tid. Men no skal eg berre køyre på med det eg gjer, for ein ser jo i dag at det fungerer, seier Mowinckel.
- LES OGSÅ: Tok sin fyrste pallplass
Storfavoritten køyrde ut
Mikaela Shiffrin er favoritt i alle renn ho stiller opp i. Men i dagens renn lykkast det ikkje for superstjerna.
Den amerikanske 22-åringen kom på innerski og sklei ut av løypa. Det same gjorde ho då dei køyrde super-G i Cortina på søndag.
Nina Haver-Løseth låg på 19.-plass etter fyrste omgang.
I finaleomgangen køyrde ho godt, og ho enda på 13.-plass i konkurransen. Kristin Lysdahl og Kristine Haugen var au i finaleomgangen. Dei enda på høvesvis 25.-plass og 28.-plass i storslalåmrennet i Italia.