– Han reiser til Italia i morgon for å gjennomgå medisinsk test og forhandle om sine personlege vilkår. Går det i orden, er han Fiorentina-spelar frå no av, sa Odds daglege leiar etter Odds kamp mot Viking i kveld.
– Dette er stort. Det er ein draum som går i oppfylling, seier Zekhnini til NRK.
19-åringen skal bli med på klubbens oppkøyring fram mot sesongstarten i august.
– Eg skal vise meg fram der, og så blir det å tilpasse seg ein heilt annan kultur og fotball. Men eg er klar, og gler meg veldig til utfordringane. Eg er klar, eg har vore klar ei stund, seier han.
Rørt avskjed
Det er ikkje lenger enn sidan førre veke at han fekk høyre om interessa får klubben frå Firenze.
– Det har vore interesse før, men no var det alvor. Og eg var klar.
– Men det blir tungt å forlate klubben og fansen, eg vil rette ein stor takk til alle. Eg får gåsehud, seier han og må ta ein pause for å tørke ei tåre.
Zekhnini kjem frå Herøya. Han signerte kontrakt med Odd på 17-årsdagen sin i januar 2015 og har scora åtte mål på 46 eliteseriekampar for klubben.
– Dette er sin stor dag, sjølv om det er kjedeleg med tap, seier han etter at Odd tapte 0–2 for Viking i det som skulle bli hans siste kamp for klubben. Der blei han bytta ut etter 69 minutt.
Overgangssummen er ikkje kjend. Men ifølgje Håndlykken er det ein sum som betyr mykje for klubben.
– Det blir eit tomrom hos oss. Men vi er stolte over å ha fått fram ein spelar som går til ein av dei beste klubbane i ein så stor liga som Serie A, sa Håndlykken.
Fiorentina blei nummer 8 i serien sist sesong.