– Skremd over kor lite FIFA har brydd seg

Tidlegare fotballpresident Sondre Kåfjord trur signalet inn mot FIFA kan bli viktigaste resultatet av det nordiske fotball-besøket i Qatar.

Gi FIFA rødt kort

RAUDT KORT: FIFA har i lang tid fått kraftig kritikk for å ikkje ha gjort noko for arbeidarane på fotballarenaene i Qatar

Foto: ARND WIEGMANN / Reuters

Ei gruppe frå dei seks nordiske fotballforbunda er saman med utsendingar frå LO i Qatar for å betre gjestearbeidarane sine tilhøve i landet som skal arrangere VM i 2022.

– Det viktigaste med besøket er signalet det sender inn mot FIFA og FIFAs medlemsland, seier Kåfjord til NRK.

Han sat i fleire år som medlem i FIFAs etikk-komite.

– Eg er skremd over kor lite FIFA har brydd seg om forholda til arbeidarane i Qatar, legg Kåfjord til.

Det er desse arbeidsforholda dei nordiske fotballforbunda diskuterer med styresmaktene i Qatar.

– Vi har fått fram vår tydelege bodskap om kva tilhøve vi meiner dei som jobbar med VM-anlegga skal ha, seier NFFs visepresident Bjarne Berntsen til NRK.

Han lovar at rapporten skal sendast til både FIFA og UEFA.

– Men hadde det vore journalistar med i delegasjonen, hadde det nok fått betre gjennomslag, seier idretts-bloggar Andreas Selliaas. Ingen pressefolk er med.

Hemmeleg besøk

Under besøket var dei på eitt av anlegga for å snakke med arbeidarane.

Visepresident Bjarne Berntsen.

TYDELEG TALE: - Vi har fått fram bodskapen om kva vi meiner om arbeidsforholda, seier NFFs visepresident Bjarne Berntsen

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Vi veit det er eit styrt opplegg her nede. Vi møtte framandarbeidarar som fortalde om sine arbeidsvilkår, seier Berntsen.

– Ikkje alle var misnøgde, det er viktig å få fram. Men noko var dei heilt klar på måtte betrast. Slikt som går på minsteløn og at løna i periodar ikkje blir utbetalt til avtalt tid. Og på butilhøve og kontrakter, seier Berntsen.

– NFF og dei andre forbunda har heilt sikkert gode intensjonar, og dei ønskjer å vise overfor publikum her heime at dei engasjerer seg. Men eg tvilar på om det kjem til å bli endring av politikken i Qatar etter dette, seier Selliaas.

LO har tidlegare ved fleire høve tatt opp dei til dels horrible tilhøva gjestearbeidarane lever og jobbar under i arbeidet med anlegga som skal brukast i 2022. Og FIFA har fått sterk kritikk for at dei ikkje har lagt nok press på Qatar.

Får lov å inspisere arbeidsplassane

– Så vidt eg veit er det første gongen nasjonale fotballforbund har reist til Qatar for å kome i dialog direkte med styresmaktene, seier Kåfjord.

For to år sidan tok NFF og LO opp saka med FIFA og den internasjonale arbeidstakarorganisasjonen TUC.

Saka held fram under videoen

Norges Fotballforbund og LO ber det Internasjonale Fotballforbundet gripe inn overfor arrangøren av VM i Qatar i 2022. Svært dårlige forhold for de som arbeider med å bygge VM-anleggene, har fått de to norske organisasjonene til å reagere.

I 2014 avslørte avisa The Guardian at mange arbeidarar hadde mista livet under arbeid med VM-anlegga.

Den internasjonale bygningsarbeidarorganisasjonen BWI har nettopp fått gjennomslag for inspeksjonar på byggjeplassane frå neste år.

– Det er eit steg i rett retning, men det er ikkje nok, seier nestleiaren i Fellesforbundet, Steinar Krogstad.

Det er spesielt det såkalla Kafala-systemet som haustar kritikk. Det går kort sagt ut på at ein gjestearbeidar må levere inn passet sitt til arbeidsgjevaren, og får det ikkje igjen før arbeidsgjevaren tillèt det.

Det er eit system Qatar har lova å oppheve før årsskiftet.

Sportsnyheter

Italia-yndlingen herjet: – Lett å se nå at de tok feil av ham

Italia vartet opp med festfotball og scoringer av ypperste klasse. I sentrum av det hele stod en 23 år gammel midtbaneelegant som ble takket av på stadion i Roma med stående ovasjoner fra publikum.

Basketak da Tyrkia ble sendt mot EM-stupet

Det kokte fullstendig over i sluttminuttene da Tyrkia jaget et avgjørende utligningsmål. I steden har Wales kurs mot avansement, mens Tyrkia må håpe på et mirakel.

Siste nytt

  • Sergio Ramos forlater Madrid

    Real Madrid bekrefter at Sergio Ramos (35) forlater klubben i sommer.

    I morgen skal det holdes en avskjedsseremoni for midtstopperen som har vært i klubben siden 2005.

    Det meldes ikke hvor han skal spille neste sesong, men han kan dra vederlagsfritt ettersom hans kontrakt går ut i sommer.

    Det har blitt 671 kamper og 101 scoringer på 35-åringen.

    Det siste året har Ramos slitt med skadeproblemer, og han er ikke med i Spanias EM-tropp.

    La Liga Santander - Real Madrid v Atletico Madrid
    Foto: Juan Medina / Reuters
  • Johannessen OL-klar

    Golfaren Kristian Krogh Johannessen sikra seg ein OL-plass, etter at Wu Ashun ikkje klarte cuten i siste kvalifiseringsturnering.

    Kinesaren var den einaste som kunne dytte Johannessen ned frå 60.-plassen på OL-rankinga, men då måtte han klare ein topp-seks-plassering i golfturneringa i Cádiz.

    Men Wu enda på 70.-plass etter dag to, og får dermed ikkje vere med vidare i turneringa. Johannessen ligg på ein delt 8.-plass, men uansett kva han gjer resten av turneringa vil OL-plassen vere sikker.

    Viktor Hovland har tidlegare sikra seg ein OL-plass i golf for Noreg.

    Krogh Johannessen
    Foto: Morten Stenberg / NRK
  • Måtte ut etter grisetakling

    Aron Dønnum ble byttet ut på grunn av skade da han ble taklet knallhardt av Kitolano.

    Odd-spilleren suste inn med høy fart, og låste Dønnums bein i taklingen. VIF-spilleren ble liggende lenge på gressmatta, og måtte støtte seg på to VIF-ansatte da han ble hjulpet av banen.

    Eurosport-kommentatorene Kenneth Fredheim og Tor Ole Skullerud var samstemte i at dette var soleklart rødt kort. Men Kitolano slapp unna med gult kort.

    Kitolano selv meldte før kampen at han skulle være stygg. Det ble han konfrontert med av Eurosport i pausen.

    – Jeg skulle ikke være stygg og takle ham ut. Jeg vil ha den beste spillern på banen, så det var kjipt. Det var 50/50, så da kan alt skje, sier Kitolano.

    Eliteserien fotball 2021: Vålerenga - Odd
    Foto: Fredrik Hagen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal