Qatar vil ha OL i 2032

Qatar opplyste i dag at landet vil søkje om sommar-OL i 2032.

– Vi har opparbeidd oss eit rykte som ein toppklasse-arrangør av store internasjonale idrettsarrangement, seier sjeik Joaan, som er bro til emiren av Qatar.

Qatar søkte også om OL i 2016 og 2020. Landet skal arrangere fotball-VM i 2022 og var arangør av VM i friidrett i fjor.

India, Queensland i Australia og Shanghai i Kina blir etter alt å dømme blant Qatars konkurrentar om OL om 12 år.

Khalifa Stadium, Qatar
Foto: Handout / Reuters

Siste nytt

  • Warholm vurderer å trekkje seg

    Karsten Warholm vurderer sin deltaking i Diamond League-stemnet i Monaco neste helg, etter at fyrstedømet på torsdag fekk status som eit «raudt land» av Folkehelseinstituttet.

    – Slik situasjonen er no så treng vi tid. Vi er i ei vurderingsfase, og har ikkje meir informasjon om saka no, skriv Warholm sin agent, Kristine Haddal i ein SMS til NRK.

    Til arrangøren av stemnet har Warholm sjølv sagt at Monaco blir eit høgdepunkt for han denne sesongen.

    Det norske friidrettsforbundet seier til NRK at dei ikkje vil forby norske utøvarar å reise til stemnet.

    – Vi ber berre utøvarane om å tenkje seg nøye om før dei bestemmer seg for å reise ut av landet, seier toppidrettssjefen i friidrettsforbundet, Erlend Slokvik, til NRK.

    Helseminister Bent Høie seier til NRK at utøvarane må i karantene, der dei ikkje kan vere i kontakt med andre, etter reise til raude land.

    – Deltaking i stemner må dei vurdere sjølve, men generelt fråråder vi reiser til raude land, seier han.

    Karsten Warholm etter 300 meter hekk på Impossible Games. 11.06.2020
    Foto: Robert Rønning / NRK
  • Nani-dobbel i MLS-semifinale

    Portugisiske Nani scora to mål på seks minutt då Orlando City tok seg til finalen i MLS-sluttspelet, med ein 3–1 siger mot Minnesota United. Begge desse måla kom i første omgang.

    I andreomgang sørga Mason Toye for spenning i kampen med ei redusering sju minutt før slutt. Men seks minutt på overtid fjerna Benji Michel all tvil, då han sørga for at kampen enda 3–1 til Orlando.

    Dermed skal Orlando City møte Portland Timbers i MLS-finalen natt til onsdag.

    Nani, Orlando City
    Foto: Douglas DeFelice
  • God turneringsstart for Hovland

    Etter dag ein av PGA-meisterskapet ligg Viktor Hovland to slag under par, på ein delt 20. plass.

    Den første dagen starta tungt for Hovland, som slo ein av dagens tre bogeyar allereie på det andre holet. Men på dei to neste hola følgde han opp med to av sine fem birdiar. Dermed enda han dagen to slag under par, og ligg likt med spelarar som Tiger Woods.

    Det er australske Jason Day og amerikanske Brendon Todd som ligg i tet, fem slag under par.

    Det er 156 deltakarar i turneringa, som varer fram til søndag.

    Viktor Hovland
    Foto: Harry How / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal