Hopp til innhold

Putin-styre samla IOC-toppar og russisk maktelite: – Kva gjer dei i eit sånt styre?

Russland-president Vladimir Putin, ein styrtrik oligark og ei rekkje IOC-medlemmer stod inntil nyleg oppført som styremedlemmer i eit russisk universitet.

Vladimir Putin,Jacques Rogge,Dmitry Chernyshenko

INNGJEKK SPESIELL AVTALE: Dåverande IOC-president, Jacques Rogge, blir vist rundt i Sotsji i mai 2013 av Russland-president Vladimir Putin og Sotsji-sjef Dmitrij Tsjernysjenko.

Foto: Kirill Kudryavtsev / AP

På ei fasjonabel tomt midt i den tidlegare OL-byen Sotsji, ligg prosjektet som skulle sørgje for at dei olympiske verdiane levde vidare etter 2014.

Presidenten i Russland sin «hockeykompis» og namnebror, oligarken Vladimir Potanin, har investert milliardar av kroner i bygginga gjennom selskapet Interros. Minst 500 millionar dollar blei gitt i den innleiande fasen av prosjektet, som i dag heiter Det russiske internasjonale olympiske universitetet (RIOU).

Prestisjeprosjektet blei sett i verk etter avtale mellom Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) og Sotsji-arrangørane. Frå 2014 skulle Russland sin olympiske komité overta ansvaret, ifølge ein avtalekopi som ligg tilgjengeleg på nettsidene til universitetet.

Presidenten, fyrsten og politikarane

Saman med nokre av Russland sine mektigaste og innverknadsrike IOC-medlemmer, leidde Putin styret. Styrtrike Potanin var sjølvsagt medlem.

Då NRK sende første førespurnad om styret 9. februar låg det ute på nettsidene til universitetet. Sidan har dei blitt redigerte fleire gonger. Partnarar har blitt fjerna og styret er ikkje lenger synleg. RIOU seier dei snarleg vil verte oppdatert.

Då NRK besøkte nettsida 9. februar stod mellom anna desse på oversikta over kven som sat i styret:

  • Vladimir Putin, President i Russland
  • Sergej Lavrov, Utanriksminister i Russland
  • Oleg Matytsin, Idrettsminister i Russland
  • Fyrst Albert II av Monaco, monegaskisk IOC-medlem
  • Sjamil Tarpisjtsjev, russisk IOC-medlem
  • Jean-Claude Killy, fransk æresmedlem i IOC
  • Aleksandr Popov, russisk æresmedlem i IOC
Styret til Riou, Vladimir Putin, Fyrst Albert, Sergej Lavrov m.fl.

PUTIN-LEIDD STYRE: Vladimir Putin (toppen frå venstre), Fyrst Albert II av Monaco, Aleksej Gromov, Aleksandr Zjukov, Svetlana Zjurova, Jean-Claude Killy, Dmitrij Kozak, Sergej Lavrov, Vladimir Lukin og Oleg Matytsin, Vjatsjeslav Nikonov, Stanislav Pozdnjakov, Aleksandr Popov og Vladimir Potanin er ein del av styret som blei vist på nettsida 9. februar.

Foto: Skjermbilde / olympicuniversity.ru

Putin blei 28. februar 2022, fire dagar etter invasjonen, strippa for heidersutmerkinga si i gull frå IOC. Det same gjorde Dmitrij Kozak og Dmitrij Tsjernysjenko, som òg sat i styret.

Det er jo ikkje så overraskande at Putin sitt Russland har prøvd å auke sin internasjonale «standing» som stormakt, seier Julie Wilhelmsen, som leiar forskingsgruppa for Russland, Asia og internasjonal handel ved Norsk utanrikspolitiske institutt (NUPI).

Ho meiner det føyer seg inn i rekkja av dømer der Russland nyttar idrettsarenaen til å byggje respekten i landet. Dei ti åra har det mellom anna blitt arrangert VM i friidrett og fotball, og dessutan vinter-OL i Sotsji, nokre av dei mest prestisjetunge sportshendingane i verda.

Styremedlem blei russisk statsborgar

Den tidlegare ishockeypresidenten René Fasel, IOC-medlem mellom 2008 og 2016, stod oppført som styremedlem og ein del av ekspertrådet. Førre veke blei det kjent at sveitsaren har blitt russisk statsborgar. Han er no forretningkjentspartnar med Gennadij Timtsjenko, visepresident i Russland sin olympiske komité.

Russia IIHF Putin

RUSSLAND-VENN: René Fasel har pleid tett kontakt med Russland-president Vladimir Putin og Belarus-president Aleksandr Lukasjenko gjennom mange år.

Foto: Alexei Druzhinin / AP

Den suspenderte IOC-medlemmen Carlos Nuzman, som er dømd for korrupsjon etter å ha kjøpt stemmer til Rio-OL i 2016, sat tidlegare i styret.

Den avdøde skipresidenten Gian-Franco Kasper sat der både medan han var IOC-medlem og æresmedlem, ifølge nettsida.

Æresmedlem i IOC, Jean-Claude Killy, leidde koordineringa av Sotsji-OL. Han signerte universitetsavtalen og har vore ein nær Putin-støttespelar i fleire år. Han avslutta det aktive vervet sitt i IOC etter Sotsji. Killy omtalte Putin som ein venn i 2015, og meinte at den russiske presidenten blei dårleg behandla i verda.

IOC-medlem Fyrst Albert II har vore involvert i idrettspolitikken i nesten 30 år, ved sidan å vere Monaco sitt statsoverhovud. Kort tid etter tildelinga av Sotsji-OL drog han på fisketur med Putin i Tuva-regionen. Fyrsten har fordømt angrepet mot Ukraina og Monaco har innført sanksjonar mot russiske statsborgarar.

RUSSIA-MONACO-PUTIN

GAMLE KJENDE: Fyrst Albert II av Monaco blei i 2007 med noverande forsvarsminister Sergej Sjojgu og Vladimir Putin på fisketur nær grensa til Mongolia etter at OL blei tildelt Sotsji. Albert II er no leiar for komiteen for berekraft og olympisk arv i IOC.

Foto: DMITRY ASTAKHOV / AFP

Tidlegare IOC-medlem Philip Craven, som var president i Den internasjonale paralympiske komiteen, skal ha sete i styret. Han gjorde seg upopulær då han nekta russiske paralympiarar å konkurrere i Rio i 2016.

Universitetet skriv i ein e-post til NRK at RIOU er ein viktig del av arven etter Sotsji-leikane i 2014. Styret blei sett saman av dei mest framståande olympiske og sportslege leiarane, som bidrog til avviklinga av leikane.

Det som høyrest rart ut, er desse utanlandske. Kva er det dei gjer i eit sånt styre? Det er det mest pinlege, seier russiskprofessor Atle Grønn til NRK.

Han meiner universitetet er eit godt døme på kor nær idretten står maktpersonane i Kreml.

Det er desto viktigare at IOC og internasjonale organisasjonar viser tydeleg standpunkt, sidan idretten er eit prestisjeprosjekt i Russland.

IOC gav spesialløyve

På RIOU sine nettsider finst det ein kopi av dokumentet som skal ha blitt signert mellom avtalepartane. Avtalen er datert 8. august 2008.

Datoen peikar seg ut i OL-historia. For første gang i moderne tid blei den olympiske fredspakta brote. Russland gjekk til angrep på Georgia.

Avtalen om skiping av universitetet blei signert av fire menn:

  • Jacques Rogge, IOC-president
  • Dmitrij Tjernysjenko, sjef for organisasjonskomiteen av Sotsji-OL i 2014
  • Jean-Claude Killy, formann for IOC sin koordinasjonskomité til Sotsji-OL
  • Leonid Tjagatsjov, president av Russland sin olympiske komité

Eitt av dei sentrale punkta var at universitetet kunne smykke seg med tittelen «olympisk». Rektor Lev Belousov skrytte av at dei kunne dele ut vitnemåla med dei olympiske ringane – med løyve frå IOC – i oktober.

For IOC la inn eit atterhald i avtalen:

«IOC har retten til å trekkje tilbake samtykket til bruken av ordet «Olympic» («Oлимпийски») på alle tidspunkt, innan rimeleg varsel».

Nesten femten år og tre brot på den olympiske freden seinare, er det framleis ein del av namnet. Kort tid etter at Kozak og IOC-president Thomas Bach signerte fredspakta i Sotsji i 2014, rykte russiske styrkar inn i Ukraina og annekterte Krym-halvøya.

Då dei paralympiske leikane skulle starte i Beijing i 2022, gjekk Russland til eit fullskala angrep på Ukraina. NUPI-forskar Julie Wilhelmsen stussar på at det ikkje har medført endringar:

Det er forunderleg at dei ikkje har gått tilbake på det etter invasjonen av Ukraina. Men det kan ha å gjere med at mange land og aktørar utanfor Vesten ikkje er samde i at Russland skal isolerast frå sporten.

Thomas Bach, Dmitry Kozak

SKREIV UNDER FREDSAVTALE: IOC-president Thomas Bach (til venstre) sit saman med dåverande visestatsminister Dmitrij Kozak i 2014. Den 4. februar blei avtalen om den olympiske freden underskrive. Nokre veker seinare angreip Russland Ukraina og annekterte Krym-halvøya. Kozak har spelt ei nøkkelrolle i integreringa av Krym i Russland.

Foto: David Goldman / AP

NRK har spurt IOC om dei har vurdert å trekkje tilbake samtykket ved to høve. Den siste e-posten er ikkje svart på. IOC står framleis oppført som ein partnar på nettsida til universitetet.

IOC skriv i ein e-post til NRK at dei ikkje er ein partnar av universitetet og at dei ikkje støttar RIOU økonomisk.

– Avtalen som oversåg relasjonane mellom IOC, Sotsji-OL sin arrangørkomité og Den russiske olympiske komité rundt etableringa av universitetet, gjekk ut 31. desember 2016, skriv presseavdelinga i ein e-post til NRK.

På direkte spørsmål om avtalen med atterhaldet frå 2008, gjentek IOC bodskapen. Dei har ikkje vore ein partar sidan 2016 og avtalen mellom dei stansa då.

Sportsnyheter

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Nervøs Alcaraz overrakte gjev pris til Bellingham

    Spanske Carlos Alcaraz innrømmer at han var full av nerver før han mandag skulle gi Jude Bellingham Laureus-prisen som årets mannlige gjennombrudd.

    Den unge tenniskometen bretter ut om følelsene han kjente på før han entret scenen i Madrid.

    – Helt ærlig så følte jeg meg ikke komfortabel i det hele tatt. Jeg var så nervøs, og beina mine skalv. Jeg øvde på talen 50 ganger for å forsikre meg om at alt ble perfekt. Jeg er ikke vant til å snakke foran så mange idrettslegender. Det var en flott opplevelse, fortalte Alcaraz på en pressekonferanse i forkant av Madrid Open.

    Den 20 år gamle verdenstreeren beskriver øyeblikket da han ga Bellingham prisen som «vakkert».

    – Jeg har så stor respekt for ham. Han er en fantastisk atlet, så jeg er glad for at jeg fikk oppleve dette.

    Alcaraz fikk selv prisen som årets gjennombrudd under fjorårets utdeling. 20-åringen har tatt den internasjonale tennisscenen med storm de siste årene, blant annet ved å vinne både US Open (2022) og Wimbledon (2023).

    Denne uken skal spanjolen forsøke å ta sin tredje strake tittel i Madrid Open. Alcaraz er andreseedet i turneringen.

    (NTB)

    Alcaraz
    Foto: AP
  • Nok et tap for Lilleberg og Lightning

    Emil Lilleberg og hans Tampa Bay Lightning tapte 3–2 borte for Florida Panthers, og ligger dermed under 2–0 i kamper av Stanley Cup-sluttspillets første runde.

    Lilleberg fikk 17 minutter på isen og bidro med blant annet ett skudd på mål.

    Washington Capitals v Tampa Bay Lightning
    Foto: BRUCE BENNETT / AFP
  • Grøvdal vraker 10.000 meter i EM – går for ny distanse

    Karoline Bjerkeli Grøvdal (33) endrer konkurranseplanen for sommerens europamesterskap i Roma.

    Hun dropper 10.000 meter og planlegger for å løpe halvmaraton.

    Det bekrefter hun overfor NRK.

    Nå satser hun på å løpe 5000 meter fredag 7. juni og halvmaraton 9. juni – og regnes som en sterk medaljekandidat på begge distansene.

    – Det kan være en morsom kombo det, sier Grøvdal, som presiserer at hun vil ta en endelig avgjørelse etter det første løpet.

    Hun vant nylig New York halvmaraton på tiden 1.09.09 minutter. Hun er rangert som den femte beste europeeren i kategoriene 5000 meter og gateløp.

    Grøvdal har vel å merke ikke tatt EM-kravet på 32 minutter på 10.000 meter, men det ville vært for en formalitet å regne. Hun har løpt minuttet raskere to ganger på asfalt, men måtte tatt på seg piggsko for å kvalifisere seg til europamesterskapet. Det ønsker hun ikke å prioritere i en viktig treningsperiode inn mot EM- og OL-sesongen.

    Den erfarne langdistanseprofilen har bronse på 10.000 meter og 3000 meter hinder fra tidligere europamesterskap, samt at hun har vunnet EM i terrengløp tre år på rad.

    Halvmaraton er ikke en tradisjonell mesterskapsøvelse, men arrangeres i EM i år som sammenfaller med OL.

    PS! EM i Roma og OL i Paris ser du på NRK.

    Friidretts-VM 2023: Pressetreff
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal