NRK Meny
Normal

Putin om OL-nekt: – Diskriminering

Russlands president, Vladimir Putin, tok varmt i mot dei alle dei russiske OL-utøvarane, også dei utestengde, i Kreml onsdag. Der gjekk han hardt ut mot IOC.

Russia Putin

MINDRE VERDT: Medaljar vunne under OL vil vera mindre verdt, utan russiske utøvarar, sa Vladimir Putin i sin tale til dei russiske OL-utøvarane i dag.

Foto: Mikhail Klimentyev / Ap

– Det er diskriminering og ein politisk kampanje mot russiske idrett, sa Putin om avgjerda å utestengde heile den russiske friidrettstroppen frå OL i Rio.

Den internasjonale olympiske komite (IOC) valde å stenga ute alle russiske friidrettsutøvarar frå OL i Rio, etter anbefaling frå verdas antidopingbyrå. 68 russiske utøvarane anka saka vidare til idrettens voldgiftsrett (CAS), men fekk avslag førre veke.

Medaljane mindre verdt

I Kreml tok Putin avskjed med dei russiske utøvarane før avreise til Rio. I tillegg til dei som er klare, var også fleire av dei utestengde friidrettsutøvarane på plass. Putin sa at alle medaljar vunne i fråværet av russiske utøvarar vil vera mindre verdt enn om dei hadde vunne i konkurranse med russarar.

– Fråværet av russiske sportsfolk i Rio kjem til å skade internasjonal idrett, i tillegg til OL, skal Putin ha fortalt utøvarane.

IOC vurderte å utestengde heile Russland frå OL, etter at det vart funne bevis for at Russland hadde eit statleg system, der dei dopa sine utøvarar.

Til slutt valde IOC å opne for russiske deltakarar i OL, men sette strenge krav. Det har gjort at fleire utøvarar har fått beskjed om at dei ikkje får reise til Rio, grunna tidlegare dopingdommar eller at namnet står i rapporten til Richard McLaren (sjå faktaboks under).

Isinbajeva på gråten

Stavhoppar Jelena Isinbajeva talte til utøvarane som skal til OL, ikledd den russiske uniforma til Rio-OL. 34-åringen får ikkje delta i OL, då heile den russiske friidrettstroppen er utestengd. Ho kjempa ein hard kamp mot tårene på talarstolen.

SPORT-DOPING/PUTIN

SKUFFA: Stavhoppar Jelena Isinbajeva får ikkje reise til OL, etter at alle friidrettsutøvarane er utestengd. Ho har tidlegare uttalt at avgjerda har drepne friidretten.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

– Vis dei kor gode dykk er, for dykkar sjølv og nasjonen, sa Isinbajeva til troppen som reiser til Rio.

Ho kallar behandlinga dei har fått for frekk og at dei ikkje fekk sjansen til å visa si uskuld.

Russlands sportsminister, som også var til stades i dag, Vitaly Mutko, sende brev til president i det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) og bad om at reine russiske utøvarar skulle få reise til Rio. I dag fekk han det endelege avslaget.

Russian Doping

HEILE TROPPEN: Den russiske OL-troppen tok eit bilde av alle mann, før avreise til Rio.

Foto: Pavel Golovkin / Ap

Siste nytt

  • Klare for EM-kvartfinale

    Sandvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum er klare for EM-kvartfinale etter at de slo belgiske Dries Koekelkoren/Tom Van Walle med settsifrene 21-18, 19-21, 15–11 – 2–1 sammenlagt i åttedelsfinalen. Kvartfinalen spilles klokken 16.00.

    Switzerland Beach Volleyball
    Foto: Peter Schneider / AP
  • Tap for Manchester City

    Manchester City tapte 0-1 mot tyske Borussia Dortmund i sin første kamp i sesongoppkjøringen. Mario Götze scoret på straffe i første omgang. Forrige sesongs seriemestere stilte uten flere av sine største stjerner, men Riyad Mahrez spilte fra start.

    FOC-SPO-SOC-MANCHESTER-CITY-V-BORUSSIA-DORTMUND---INTERNATIONAL-
    Foto: ELSA / AFP
  • Wolff Eikrem frigitt

    Magnus Wolff Eikrem er frigitt fra Seattle Sounders, etter kun en halv sesong i klubben. Det bekrefter klubben på sine hjemmesider.

    Det ble 17 kamper og to mål for midtbanespilleren i MLS, der kun seks av kampene var fra start.

    Magnus Wolff Eikrem
    Foto: Ted S. Warren / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Friidrett: Diamond League fra London
Tour de France 14.etappe og friidrett Diamond League, London
X Games Minneapolis
X Games Minneapolis -- Menn BMX Dirt Finale | Menn Motorcross Best Whip Finale | Menn Motocross Best Trick Finale | Menn Skateboard Big Air Finale