NRK Meny
Normal

Putin meiner meldonium bør vere lovleg

Vladimir Putin meinar at meldonium ikkje bør bli rekna som doping. Det skjer etter at fleire idrettsutøvarar er tekne for bruk av stoffet sidan nyttår, mange av dei russiske.

Russia Putin Vladimir Putin

MELDONIUM BØR VERE LOVLEG: Det meiner Russlands president Vladimir Putin

Foto: Mikhail Klimentyev / Ap

– Dette stoffet har aldri vore rekna som doping, og det har ingen påvirkning på resultata. Det er eit faktum. Det berre held hjertet i god form under høg belastning.

Det sa Russlands president Vladimir Putin under ein maraton-debatt på russisk fjernsyn. Han fekk spørsmålet frå ein innringar, og svarte med å kritisere verdens antidopingbyrå, Wada, for å dømme folk grunnlaust.

– Dei har ingen skikkelege data. Dei veit til dømes ikkje kor lenge det tek for stoffet å forlate kroppen.

172 utøvarar er tekne i bruk av stoffet sidan det blei ulovlev ved nyttår.

Sjå video: Medisinsk sjef i Antidoping Norge, Per Wiik Johansen forklarar korleis stoffet virkar.

PER WIIK JOHANSEN, medisinsk sjef i Antidoping Norge, forklarer hva meldonium er. Reporter: Hans Henrik Løken.

VIDEO: Medisinsk sjef i Antidoping Norge, Per Wiik Johansen.

Fleire russiske idrettsstjerner har blitt teken i bruk av hjertemedisinen, blant anna tennisspelaren Maria Sjarapova. Også norske Ruth Kasirye testa positivt på stoffet. Det blei klart forrige veke.

I hardt vêr

Russisk idrett har vore i hardt vêr heilt sidan ein rapport om omfattande korrupsjon og bruk av doping blei lagt fram i fjor haust. Den førte til at russisk friidrett blei utestengt på ubestemt tid.

Maria Sjarapova

DOPA: Maria Sjarapova vedgjekk i dag at ho avgav positiv dopingtest på hjartemedsinen meldonium i Australia i januar

Foto: Jayne Kamin-Oncea / Reuters

Det er heller ikkje første gong Putin blir innblanda i doping-saka. Tidlegare i vinter hevda Wada at det internasjonale friidrettsforbundet ville ha hjelp av Putin for å dekke over dopingbruken.

Usikkerheit kring OL

Då friidrettslaget til Russland fortsatt er utestengt på ubestemt tid, er det usikkert om dei får delta i sommarens olympiske leikar. Det bekymrar Putin.

– Dei er i ein vanskeleg situasjon no. Me vil kjempe for at dei får ein rettferdig behandling. Me har allereie dei beste advokatane på verdsbasis på saken.

Europas friidrettspresident Svein Arne Hansen sa tidlegare i vinter at han trudde dei ikkje kom til å rekke det.

Siste nytt

  • Wolff Eikrem frigitt

    Magnus Wolff Eikrem er frigitt fra Seattle Sounders, etter kun en halv sesong i klubben. Det bekrefter klubben på sine hjemmesider.

    Det ble 17 kamper og to mål for midtbanespilleren i MLS, der kun seks av kampene var fra start.

    Magnus Wolff Eikrem
    Foto: Ted S. Warren / AP
  • Son signerte forlenget med Spurs

    Tottenhams sørkoreanske stjerne Son Heung-min har signert en ny kontrakt med London-klubben som gjelder til sommeren 2023.

    26-åringen har scoret 47 mål på 140 kamper for Tottenham siden han ble hentet fra tyske Leverkusen sommeren 2015.

    South Korea Heung-Min Son
    Foto: Lee Jin-man / AP
  • Løkberg til Brann

    Brann har sikret seg Ranheim-profilen Kristoffer Løkberg. Det melder bergensklubben på sin hjemmeside. 26-åringen har imponert på Ranheims midtbane så langt i eliteserien, og vært ønsket i Brann en stund. – Det er litt vemodig, sa han til brann.no

    Eliteserien i fotball 2018. Ranheim møter Sarpsborg.
    Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Tour de France 14.etappe og friidrett Diamond League, London
Friidrett: Diamond League fra London
Tour de France 14.etappe og friidrett Diamond League, London
X Games Minneapolis
X Games Minneapolis -- Menn BMX Dirt Finale | Menn Motorcross Best Whip Finale | Menn Motocross Best Trick Finale | Menn Skateboard Big Air Finale