Hopp til innhold

Siste nytt

  • Dæhlis sjef fekk sparken

    Robert Klauss (37) er ferdig som trenar for landslagsspelar Mats Møller Dæhli i tyske FC Nürnberg.

    Det stadfestar klubben på Twitter.

    Nürnberg har fått ein tøff start på sesongen med berre ti poeng etter like mange serierundar. Det gjer at dei ligg heilt nede på 14.-plass i 2. Bundesliga.

    Klauss tok over roret i Nürnberg i juli 2020 og har leidd laget til ein 11.-plass (2021) og ein 8.-plass (2022).

    Mats Møller Dæhli
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • Eskås første norske meisterligadommar på nesten sju år

    Ein norsk dommarkvartett har fått jobben med å dømme meisterligakampen mellom Leipzig og Celtic onsdag.

    Espen Eskås frå Bækkelagets Sportsklub får med seg Jan Erik Engan og Isaak Elias Bashevkin som assistentdommarar til meisterligaoppgjeret. Svein Oddvar Moen er sett opp som fjerdedommar.

    Det er første gang sidan Moen dømde meisterligakampen mellom Gent og Wolfsburg 17. februar 2016 at ein norsk dommar leier ein kamp i Europas beste klubbturnering.

    Eskås dømde i førre runde europaligakampen mellom Monaco og Ferencvaros.

    Aftenposten omtalte saka først i Noreg.

    Espen Eskås
    Foto: Mats Torbergsen / NTB
  • Avaldsnes fredar Riise

    Dagleg leiar Norvald Audun Kaldheim i Avaldsnes seier at John Arne Riise får halde fram som trenar i klubben til neste sesong uavhengig om dei beheld plassen.

    – John Arne Riise skreiv toårskontrakt med oss i fjor og vil halde fram som trenar også neste sesong, seier Kaldheim til TV 2.

    Avaldsnes sikra søndag sin første siger i sluttspelet då dei vann 5-1 heime mot Tromsø 2020. Det sende dei opp på trygg plass, til så lenge.

    Karmøy-laget ligg på 5.-plass, likt med LSK Kvinner på poeng, etter fire kampar. I skrivande stund ligg dei an til å behalde plassen i Toppserien med eitt mål betre i målforskjell enn Lillestrøm.

    Toppserien fotball 2022: Avaldsnes - LSK Kvinner (0-2)
    Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 64 klipp
Sport
Spiller nå
Kjønn og religion er ingen hindring 00:45
Neste