Siste nytt

  • Ødegaard startar for Real

    Martin Ødegaard får sin første start for Real Madrid i kveld, når laget møter Real Sociedad borte.

    Det er arenaen som var hans heimebane i førre sesong, då han var utlånt til nettopp Sociedad.

    Kampen startar kolkka 21.00.

    Martin Ødegaard
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Mållaust i Sandefjord

    Verken Sandefjord eller Strømsgodset makta å score i kveldens eliteserie-møte. Første omgang var nærmast utan sjansar, men etter pause var Godset nærmast scoring då Johan Hove trefte tverrliggaren.

    Sandefjord-Strømsgodset
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Kristiansund vann i Kristiansand

    Christoffer Aasbak og Amahl Pellegrino scora i første omgang, og det var nok til å sikre Kristiansund 2-1 over Start. Christian Bolanos reduserte seks minutt på overtid.

    Start er dermed framleis i stor nedrykksfare, med berre Mjøndalen og Aalesund bak seg.

    Start - Kristiansund
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal