IOC: Prøvene frå London-OL klare innan ei veke

Dopingtestane frå London-OL skal vere klare i løpet av ei vekes tid, og B-prøvene frå både London og Beijing skal vere analysert tidleg i juni. Kort tid deretter får dei avslørte straffene sine.

Thomas Bach

VIL REAGERE STERKT: IOC-president Thomas Bach er klar på at det skal ryddast opp for å verne dei reine og straffe juksarane

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Det opplyste medisinsk direktør Richard Budgett på ein telefonisk pressekonferanse i dag.

Dei som blir funne skuldige i doping, kan vente seg straffer kort tid etter at resultata er blitt kjende.

I går vart det kjent at 31 utøvarar frå 12 land var dopa under OL i Beijing i 2008. Liknande prøver frå London 2012 er under analysering.

Verken nasjonar eller idrettar er offentleggjort enno. Dette er av juridiske grunnar. Men ifølgje The Guardian skal alle nasjonar der nokon av dei 31 høyrer heime, ha fått melding i går eller i løpet av dagen i dag.

Skulle det vere medaljørar blant desse, er det likevel ingen automatikk i at dei som ligg like bak, rykkjer opp til medaljeplass.

– Ikkje utan at vi også har re-testa deira prøver. Ingen som ikkje har fått sine prøver testa ein gong til, får medalje, sa IOC-president Thomas Bach på pressekonferansen.

Truleg utestengde frå Rio

Dei som blir avslørte, får truleg ikkje delta i OL i Rio i august.

– Vi gjer dette for å verne dei utøvarane som er reine, og for å vise nulltoleranse for dei som juksar, sa Thomas Bach.

Han svarte på fleire spørsmål med at han ikkje vi spekulere eller forskotere noko resultat.

Det er det internasjonale antidopingbyrået WADA som skal gjennomføre granskinga. Dei skal også leie granskinga av påstandane om systematisk juks med dopingprøver under Sotsji-OL i 2014.

New York Times' opplysningar i dag om at statsadvokaten i New York skal granske Sotsji-påstandane, kjenner ikkje Bach til.

– Nei, det har eg ikkje høyrt om, sa han.

– IOC vil reagere sterkt

– Vi avventar resultat og fakta frå granskinga. Men ingen skal vere i tvil om at vi vil reagere sterkt dersom det blir avslørt juks, seier Bach.

Tidlegare onsdag sa han at alle som blir avslørte for å vere involverte i statleg styrt dopingjuks i Sotsji, blir utestengde på livstid.

– Vi skal ikkje berre reagere mot utøvarane, men også mot andre impliserte, la Bach til.

Det var i august i fjor IOC fekk sett i gang prosessen med re-analysering av gamle prøver. Nye analysemetodar har fått fram resultat som ikkje tidlegare let seg avsløre.

Og føremålet er å skremme utøvarar frå å jukse seg, sjølv om dei brukar metodar som ikkje let seg avsløre i dag.

– Dette viser at ingen kan vere trygge. Den åtvaringa vi sender ut no er at «om vi ikkje tek deg under OL», skal vi ta deg seinare, seier IOCs visepresident John Coates.

If we don't get you at the Games, we will get you later

John Collins, visepresident i IOC

Siste nytt

  • Rangers tapte i Zucca-comeback

    Mats Zuccarello var endelig tilbake på isen etter skade i fredagens målrike New York-derby, men han og Rangers måtte til slutt se seg slått 7–5 av byrivalene Islanders. Nordmannen har stått over tre kamper på grunn av lyskestrekk.

    Predators Rangers Hockey
    Foto: Frank Franklin II / AP
  • Kroatia slo Spania

    Kroatia var avhengig av poeng for ikke å falle helt av i gruppespillet i nasjonsligaen torsdag. Etter en god andreomgang avgjorde Tin Jedvaj til 3-2 på overtid. Spania topper tabellen med seks poeng, mens både England og Kroatia står med fire.

    Croatia Spain Nations League Soccer
    Foto: Darko Bandic / AP
  • Rooney takket av med storseier

    Wayne Rooney kom ikke på scoringslisten i sin siste landskamp for England, men fikk være kaptein i 3-0-seieren over USA. Den mangeårige England-kapteinen har vært ute av landslaget en stund, men fikk ta avskjed med sin 120. kamp for «Three Lions».

    Britain England US Soccer
    Foto: Alastair Grant / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup skøyter: Lagtempo og 500 m, kvinner og menn
V-cup skøyter
V-cup skøyter: Lagtempo menn
V-cup skøyter: 500 m kvinner
V-cup skøyter: 500 m menn
Sesongstart langrenn: 10 km klassisk, kvinner
Vinterstudio
Sesongstart langrenn
Sesongstart langrenn: 10 km klassisk, kvinner
Vinterstudio
NRK Sport Live: 15 km klassisk, menn