Prøve-VM-meisteren vinn «aldri» VM

Laurdag startar årets prøve-VM i fotball i Russland. Men suksess der er ingen garanti for VM-suksess. Snarare tvert imot. Og årets turnering kan bli den siste i sitt slag.

Brasil og Neymar

I 2013: Brasil har vunne prøve-VM dei tre siste gongane, men er ikkje med i turneringa i år.

Foto: Victor Caivano / Ap

Confederations Cup – også kalla prøve-VM – har sidan 2001 vore prøve-VM, arrangert i same landet som er VM-vert året etter.

Men ingen vinnar av prøve-VM har gått til topps i VM det påfølgjande året. Og det trass i at sjølvaste Brasil har vunne prøve-VM dei tre siste gongane.

  • NRK og TV 2 sender kampane i årets turnering, som tek til i St. Petersburg laurdag 17. juni. Her er kamplista og tv-lista:

Både i Tyskland i 2006 og i Sør-Afrika i 2010 blei Brasil slått i kvartfinalane etter siger i prøve-VM året før. Men verst gjekk det på heimebane i 2014 med ufattelege 1–7 mot Tyskland i semifinalen.

I år er ikkje Brasil eingong med. Eit godt omen for den søramerikanske giganten framfor VM 2018?

St. Petersburg stadion

St. PETERSBURG: Krestovsky stadion har plass til 70.000 tilskodarar og er arena for både opningskamp og finale

Foto: OLGA MALTSEVA / AFP

Frankrike hadde det heller ikkje godt i 2002. Dei vann prøve-VM i 2001. Men i VM året etter blei det eitt poeng, null mål og sisteplass i gruppa, og første fly heim frå Japan.

Deltakarane i Confederations Cup er VM-arrangøren, regjerande verdsmeister og dei seks regionale meistrane.

Avbryt kampar

I årets turnering skal dommarane kunne avbryte kampar dersom det oppstår episodar i samband med rasisme eller anna diskriminering frå publikums side. FIFA skal ha inspektørar ute på tribunane.

Men framtida for turneringa er uviss. Prøve-VM er upopulær blant klubbane, fordi det tek ekstra krefter frå spelarane.

– I 2021, året før VM i Qatar, blir det ikkje prøve-VM, opplyser Tysklands fotballpresident og FIFA-styremedlem Reinhard Grindel.

Det er på grunn av den ekstreme varmen i Qatar midt på sommaren. VM 2022 er flytta til seinhausten, men det er uaktuelt å legge prøve-VM så seint på året.

Fem unge å sjå opp for

Her er eit knippe unge spelarar som kan markere seg i årets turnering:

  • Ajdin Hrustic, Australia (20), midtbane

Den Melbourne-fødde midtbanespelaren kunne også spela for Bosnia, men takka i mars i år ja til Australias U23-tropp. Groningen-spelaren debuterte på A-laget mot Brasil for berre nokre få dagar sidan (0–4) då han blei bytta inn tidleg i andre omgang.

  • Joshua Kimmich, Tyskland (22), forsvar

Bayern München-forsvarsspelaren debuterte på landslaget 17. mai 2016, og det gav han plass i EM-troppen same sommaren. Han tok den faste høgrebackplassen på EM-laget, og fekk plass på UEFAs all star-lag. For Bayern München spela han 27 kampar og scora seks mål i Bundesliga sist sesong. Og han scora Tysklands andre mål i 3-0-sigeren på Ullevaal i september i fjor.

  • Hirving Lozano

    UNGT TALENT: Hirving Lozano, Mexico

    Foto: Eduardo Verdugo / AP
    Hirving Lozano, Mexico (21), angrep

Han blei toppscorar og beste unge spelar i Mellom- og Nord-Amerikas variant av meisterligaen denne sesongen. Der scora han åtte mål og hjelpte sin klubb Pachuca til siger. Han har spela 120 kampar for Pachuca på tre år, og scora 31 mål. På landslaget debuterte han i februar fjor og spela seg straks til fast plass på venstrevingen.

  • Andre Zambo Aguissa (21), Kamerun, midtbane

Han har blitt nøkkelspelar for Marseille det siste året, etter å ha debutert i 2015. Han debuterte på landslaget mot Tunisia i mars i år.

  • André Silva, Portugal (21), angrep

Han kan bli Portugals neste målmaskin. Silva har scora sju mål på dei åtte landskampane han har spela, og sjølvaste Ronaldo har peika han ut som sin arvtakar. Han har bøtta inn mål i EM for aldersbestemte landslag, mellom anna hat-trick på 19 minutt i debutkampen i U21-kvalik. For klubblaget Porto scora han 17 mål på 48 kampar før han denne veka blei kjøpt av Milan for 40 millionar euro.

  • Timo Werner

    UNGT TALENT: Timo Werner, Tyskland

    Foto: JOHN MACDOUGALL / AFP
    Timo Werner, Tyskland (21), angrep

«Turbo-Timo» scora 21 Bundesliga-mål på 31 kampar for Red Bull Leipzig sist sesong, og er spådd å bli Tysklands neste storscorar etter at Miroslav Klose gav seg. Werner debuterte på landslaget mot England og Aserbajdsjan i mars, men har enno ikkje scora på A-landslaget. Derimot har han 33 mål på aldersbestemte landslag.

  • Dane Ingham (18), New Zealand, forsvar

Hans lag er spådd vanskelege kampar, men tenåringen som spelar i Brisbane Roar i Australia er likevel venta å setje seg i respekt. Han blei i januar den fjerde yngste målscorar i A-ligaen. Han debuterte på landslaget mot Fiji i mars. Til Confederations Cup får han med seg sin bror Jai.

Siste nytt

  • Svindal skadet tommelen

    Aksel Lund Svindal falt på gårsdagens Super-G-trening i Copper Mountain og skadet tommelen på venstrehånden. Det er ikke brudd, men så smertefullt at han ikke greier å holde staven selv. Derfor måtte han teipe fast staven i hånden på dagens trening og risikerer å gjøre det samme i sesongdebuten neste lørdag. – Selv om jeg staker litt dårligere taper jeg ikke så mye på start, så det er et alternativ som fungerer veldig bra, sier en positiv Svindal til NRK.

  • Slik stiller Norge mot Slovenia

    Norges lagoppstilling til nasjonsligakampen mot Slovenia er klar. Slik er laget (4-4-2): Rune Jarstein - Omar Elabdellaoui, Håvard Nordtveit, Sigurd Rosted, Haitam Aleesami - Stefan Johansen, Markus Henriksen, Ole Sælnes, Moi Elyounoussi - Ola Kamara, Tarik Elyounoussi.

    Landslagstrening Ullevaal
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
  • Stjernen vraket til lagkonkurransen

    Landslagstrener for hopperne, Alexander Stöckl, forteller til NRK at Daniel-André Tande, Johann André Forfang, Robert Johansson og Anders Fannemel skal representere Norge i lagkonkurransen lørdag. Dermed vrakes Andreas Stjernen.

    Verdenscup skiflyging Planica
    Foto: Primoz Lovric / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal