Hopp til innhold

Thingnes Bø til topps: – Slik taktisk gåing har me ikkje sett på 10-12 år

NOVE MESTO/Oslo (NRK): Han bomma, bomma og bomma, men Johannes Thingnes Bø leverte som berre det i langrennssporet. Det gjorde at han vann dagens fellesstart.

7HB8VzCfUio

SUVEREN: Johannes Thingnes Bø kom aleine i mål. Nordmannen var heilt suveren i langrennssporet.

Foto: Petr David Josek

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er ei historisk hending me er vitne til, sa kommentator Andreas Stabrun Smith.

Uvanleg strategi

For rennet starta på uvant vis, etter 700 meter sette Johannes Thingnes Bø plutseleg opp eit enormt tempo. Det er nemleg svært sjeldan at nokon vel å gå ifrå feltet før første skyting.

– Slik taktisk gåing har me ikkje sett på 10–12 år. Den gongen Ole Einar Bjørndalen var på sitt beste, fortel ekspertkommentator Ola Lunde.

– Eg høyrde at eg fekk sekund på dei andre, så da tenkte eg at eg skulle køyre på, seier Thingnes Bø til SVT.

– Han gjer det me har drøymt om i mange år, sa Stabrun Smith.

Dei einaste som greidde å henge med var storebror Tarjei Bø og Vetle Sjåstad Christiansen. Til slutt hadde dei eit 18 sekunds forsprang på resten av teten.

JpO_lo7arbA

NORSK TAKTIKK: Johannes Thingnes Bø, Vetle Sjåstad Christiansen og Tarjei Bø gjekk knallhardt ut før første skyting.

Foto: Petr David Josek

– Dei sprenger jo feltet før første skyting, sa Stabrun Smith.

– Men er det så lurt inn mot skyting, spurte ekspertkommentator Ola Lunde.

Det var det ikkje. For Thingnes Bø fekk ein strafferunde på første skyting, og han måtte til saman gå tre strafferundar i dag. Den høge farta i sporet gav utslag på standplass.

– Det var nok årsaka til at eg bomma ein del, fortel Thingnes Bø.

Fransk smørebom

På siste skyting skaut han endeleg fullt, og framfor han var berre franske Emilien Jacquelin, nordmannen tok han igjen på siste runden, og sikra med det sigeren. Thingnes Bø takkar smøreteamet for sigeren.

– Det var smøreteamet til Norge som vann kampen mot Frankrike, og det er derfor eg vann, seier han.

tRyw4NJeMiE

KNALLSKI: Johannes Thingnes Bø, takkar dei gode skia for dagens siger.

Foto: Petr David Josek

Franskmennene sleit i sporet. Det er uvanleg, spesielt for elles raske Quentin Fillon Maillet. Dårlege ski var nok ein del av årsaka.

– Det var synd, for franskmennene er betre enn det her. Men no har det seg slik at du må ha eit heilt team for å lukkast. I dag var det vårt smørelandslag, seier Thingnes Bø.

Med dagens siger klatrar han vidare oppover i verdscup-samandraget. Han ligg no på andreplass, 43 poeng bak Martin Fourcade, men sidan dei to dårlegaste renna blir stryke, så ligg Thingnes Bø i teorien over franskmannen i samandraget.

– Det har vore ei ekstremt bra helg. Fokuset må vere på maks her no, seier Thingnes Bø.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal