Hopp til innhold

Profflivet i Frankrike vart alt anna enn landslagsspelaren hadde sett for seg

Straffetrening etter tap, lite lydhøyrde leiarar og dårleg medisinsk apparat bidrog til at Anja Sønstevold valde å bryte kontrakten med den franske toppklubben sin.

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Poland - Norway

VANSKELEG FRANKRIKE-OPPHALD: Anja Sønstevold fekk ikkje den proffkvardagen ho hadde håpa på i franske Fleury.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN

Landslagsspelar Anja Sønstevold strålar etter overgangen til ein av dei største klubbane i verda. Ho har spelt alle kampar sidan ho kom til italienske Inter, og stortrivst i Milano saman med sambuaren og sonen Loui.

Sønstevold i Inter-drakta

OPTIMISTISK: Sønstevold har spelt seg rett inn i Inters startellevar. Etter seks seriekampar ligg klubben på fjerdeplass i Serie A.

Foto: Cristiano Mazzi / Zuma Press

Men for berre nokre månader sidan var fotballkvardagen vanskeleg og frustrerande.

Profftilveret i Frankrike vart nemleg noko ganske anna enn det eventyret ho hadde sett for seg.

– Profesjonaliteten i klubben var ikkje heilt som forventa, innrømmer ho.

  • Sjå den viktige VM-kvalifiseringskampen mellom Noreg og Belgia på NRK 2 eller i NRK TV tysdag frå kl. 18.45

– Mykje meir hierarki

Etter mange år i LSK og Toppserien bestemde Sønstevold seg for å ta steget ut av Noreg, og i fjor sommar signerte ho ein toårskontrakt med den franske klubben FC Fleury 91.

Den 29 år gamle landslagsspelaren fekk ein trå start på opphaldet ved å pådra seg ein strekk som skulle vise seg å skape meir trøbbel enn forventa.

– Vi hadde dessverre ikkje så godt medisinsk team der eg var, og det tok tid å finne ut av kva slags skade eg hadde. Så eg drog heim til Noreg og hadde ein rehab-periode her, men så slo eg det opp igjen då eg kom tilbake, seier Sønstevold.

I sju månader sleit ho med skade, og først etter eit intenst opplegg på treningsanlegget til det franske forbundet, INF Clairefontaine, vart ho speleklar igjen. Men tilbake på treningsfeltet oppstod det raskt ein ny frustrasjon.

– Det er mykje meir hierarki og... Eg skal ikkje seie diktatur, men det er éin som bestemmer og du har ikkje mykje du skulle ha sagt då, fortel Sønstevold, som siktar til presidenten til klubben og til trenaren.

– Det var utfordrande når ting ikkje var så bra som det kunne vere. Om ein hadde lyst til å seie frå, så vart ikkje det såg godt teke imot.

  • NRK har kontakta den franske klubben for å få ein kommentar til Sønstevolds utsegner om tida i Fleury, men har førebels ikkje fått noko svar
Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Norway, training

LANDSLAGSVETERAN: Anja Sønstevold har 17 A-landskampar og fekk landslagsdebuten allereie i 2014.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN

Fekk straffetrening etter tap

29-åringen frå Oslo forklarer at ho ikkje har problem med å innrette seg når noko verkar fornuftig og bra, men at det var ein del avgjerder frå leiarhald som ho synest virket ulogiske.

– Til dømes, viss ein taper fleire kampar på rad, så er det straffetrening. Så går ein inn i ny kamp og er endå meir sliten. Eg kjende at vi ikkje var gode nok taktisk til kampane, og når vi då taper og dei har videoanalyse etterpå og dei berre seier at det er personleg feil... Det var mange sånne ting som gjorde det vanskeleg å vere der etter kvart, seier ho.

Dermed bestemde ho seg for å avbryte kontrakten med Fleury, men familien på tre var på ingen måte klare til å dra heim til Noreg.

Inter-trenaren overtalte Sønstevold

Dei mest interessante tilboda kom frå Italia, og sjølv om Inters kvinnesatsing er relativt fersk, klarte lagets nytilsette og meritterte hovudtrenar Rita Guarino å overtale Sønstevold til å komme til Milano.

– Det var samtalen med henne (Guarino) som trigga meg veldig. Eg hadde sakna å vere ein del av ein ryddig organisasjon med kompetente trenarar, og la endå meir vekt på det før valet om å gå til Inter.

Rita Guarino

MERITTERT: Tidlegare Juventus-trenar Rita Guarino vart henta til Inter for å løfte kvinnesatsinga til klubben.

Foto: RITZAU SCANPIX / Reuters

Guarino har vunne den italienske serien fire gonger som trenar for Juventus.

– For det første merkar du at alle har ekstremt stor respekt for henne. Ho er veldig god taktisk, men det ho er aller best på er den leiaren ho er og det psykologiske. Ho er veldig smart der, følgjer opp alle og det er ein du berre har lyst til å imponere, rett og slett.

Kontrasten frå tida i Frankrike er stor, men landslagsspelaren angrar likevel ikkje på opphaldet i Fleury.

– Sjølv om det første året ute var utfordrande, så lærte eg jo mykje av det, som gjer at eg no er i ein klubb der eg trivst veldig godt i ein by der eg trivst veldig godt, så no er livet veldig bra, seier ho.

Tabellen i Noregs gruppe:

Direktesenter - NTB

Siste nytt

  • City herjet mot Brigthon - Foden hylles etter måldobbel

    Phil Foden storspilte og stjal showet da Manchester City vant 4-0 borte mot Brighton i Premier League.

    Etter storseieren uten Erling Braut Haaland skiller det bare ett poeng opp til serieleder Arsenal, som har én kamp mer spilt. Søndag gjester Pep Guardiolas menn Nottingham Forest.

    Oscar Bobb ble sittende på benken hele kampen.

    City fikk en fantastisk start på kampen da Kevin De Bruyne stanget et innlegg fra Kyle Walker rett i krysset etter bare 17 minutter.

    Ni minutter senere doblet Phil Foden gjestenes ledelse da han slo et frispark via muren og i mål.

    Briten var imidlertid ikke ferdig der. Med ti minutter igjen av omgangen satte han inn sitt andre etter at Brighton rotet det til i forsvar. Bernardo Silva snappet opp ballen og spilte den til City-juvelen, som banket inn 3-0-målet.

    Det var Fodens 50. Premier League-scoring, som fikk en legende til å logge seg på:

    – Er Phil Foden årets spiller? spurte tidenes toppscorer i Premier League, Alan Shearer, på X.

    Etter hvilen fortsatt City målfesten da Julian Alvarez banket inn returen på et skudd fra Walker.

    – Dette er ordentlig stygt for Brighton, men for et signal til resten av verden og Premier League, utbrøt Viaplay-kommentator Eivind Bisgaard Sundet.

    I forkant av målet ropte også vertene på straffe etter at Pascal Gross gikk i bakken i en duell med Rodri. Dommeren vinket imidlertid spillet videre.

    – Jo, dommer. Og jo, VAR. Det er klar og tydelig straffe til Brighton, skrev Viaplay-ekspert Lars Tjærnås på X.

    Det ble også det nærmeste Brighton kom et mål, og de må dermed se seg fornøyd med 11.-plass på tabellen.

    (NTB)

    Bpk8eLb85F0
    Foto: AP
  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    – Jeg spurte linjedommeren hvorfor jeg fikk rødt, og da sa han at jeg slo. Det er helt feil, sier Nguen ifølge TT og forklarer:

    – Det første instinktet var å jage ballen, men så sto han der. Han provoserte meg, og jeg gikk med på det.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö. (NTB)

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal