Kontraktsforlenginga til franskmannen sette fyr på den spanske serien La Liga, som reagerte med å publisere ein offentleg pressemelding der dei klaga inn til både Uefa, franske myndigheiter og EU for måten Paris Saint-Germain brukar pengane sine på.
No åtvarar professorar om utviklinga.
– Mbappés nye kontrakt bekreftar det som har vore godtatt i ei årrekke. Det europeiske fotballforbundet har ikkje vist vilje eller evne til å gjere noko, seier Tor Geir Kvinen, professor ved Universitetet i Agder til NRK, og held fram:
– Reglane har vist seg å ha liten effekt.
TYDELEG: Tor Geir Kvinen meiner fotballen må ta eit oppgjer med seg sjølv om kva verdiar som skal vere viktigast.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKUtydeleg rolle
I regelverket til Uefa, er det nedfelt eit punkt om «financial fair play». Formålet med regelen var å forhindre at klubbar brukar meir pengar enn dei tener, og skape ei felles forståing om at fotballklubbar skal ha ein langsiktig bereevne og ansvarleg drift.
Kvinen er ekspert på statsvitskap og organisasjonsteori, og no rettar han skarp kritikk mot måten Uefa handhevar reglane. Til trass for at klagen frå La Liga nok vil bli undersøkt av Uefa, meiner han at det truleg ikkje vil kome konsekvensar.
– Uefa ser ut til å vere for avhengig av «honningkrukkene» til dei rike eigarane og sponsorane at dei er villige til å gjere noko med dei som bryt reglane, seier Kvinen.
Det seier han med bakgrunn i historia.
– Den økonomiske dopinga har halde fram over lang tid, og ser ut til å ville fortsetje. Qatar-eigde PSG har i over ti år brote reglane, og står fram som versting, men fleire andre europeiske klubbar har tilsvarande eigarar som nyttar fotballen som leikegrind, og brukar økonomisk doping for å vaske sitt dårlege omdømme, seier han.
HAT TRICK: Kylian Mbappé feira ny kontrakt med tre mål i seriekampen mot Metz laurdag.
Foto: Michel Spingler / AP– Umogleg investering
No åtvarar også Harry Arne Solberg, professor i idrettsøkonomi ved NTNU, for utviklinga i toppfotballen, og konsekvensane slike kontraktar kan få.
– Det har ringverknadar, det gjer at andre strekk seg lenger. Vi fekk Financial Fair Play fordi europeisk klubbfotball har eit disiplineringsproblem mot kostnadar. Og når nokre klubbar brukar vanvitig mykje pengar så er det andre som har ambisjonar om å konkurrere med dei, så vil fleire klubbar strekkje seg lenger enn det dei eigentleg burde gjere, seier Solberg.
FRYKTAR UTVIKLINGA: Harry Arne Solberg.
Den spanske serien meiner det er skandaløst at ein klubb som Paris Saint-Germain kan forlenge med ein av sine best betalte spelarar, trass i eit tap på over 2 milliardar kroner sist sesong.
La Liga påpeiker at Det europeiske fotballforbundet (Uefa) tidlegare har straffa PSG etter klagar frå La Liga. Straffa er seinare omgjort av Idrettens valdgiftsrett (CAS).
– PSG tar på seg ein umogleg investering med tanke på at klubben har uakseptable lønnskostnadar og hadde store økonomiske tap dei førre sesongane. Det er brot på Uefa-reglar og franske økonomiske reglar, skriv La Liga.
Heller ikkje Solberg forstår korleis Paris-klubben har råd til å skrive slike kontraktar.
– Det heng ikkje på greip. Eg vil anta at dei tenkjer at det ordnar seg på ein eller annan måte, seier Solberg.
Avviser kritikken
Uefa viste til president Aleksander Ceferin sine utsegn til BBC, då NRK bad om ein kommentar. Det internasjonale forbundet vil ikkje bli fortalt kva dei skal gjere etter kritikken mot Mbappés kontraktforlenging, seier Ceferin.
KLAGESTORM: Uefas president Aleksander Ceferin.
Foto: Andreas Solaro / AFP– Vi har reglar som er ganske strenge. Verken Real Madrid eller nokon andre skal fortelje kva Uefa skal gjere. Dei er rasande frå eit synspunkt, men ut frå det eg veit, var tilbodet deira likt PSG sitt tilbod.
Han seier han er «trøytt» av å høyre klager mot å tillate statsdrivne klubbar.
– Eg har sagt det mange gonger, og eg seier det igjen. Gi meg eitt argument om kvifor dei ikkje bør vere eigarar av ein klubb. Viss du seier at klubben høyrer til fansen, trur du ikkje engelske klubbar har eigarar. Dei har eigarar frå USA, nokre frå Midtausten, og dei har eigarar frå England. Så det er akkurat den same situasjonen, og eg er verkeleg lei av desse skuldingane utan noko konkret grunnlag, seier Ceferin.
Sterke reaksjonar
Presidenten i PSG avviser at det er økonomiske motiv som står bak klubbvalet til franskmannen.
– Det økonomiske var ikkje det viktigaste for Mbappé. Det viktigaste var det sportslege prosjektet heller enn lønna. Det er andre klubbar i Spania som kan betale meir, sa Nasser al-Khelaifi på ein pressekonferanse med Mbappé.
FORNØGD: PSG-president Nasser al-Khelaifi.
Foto: FRANCK FIFE / AFP– Vi har snakka i månadar om det sportslege prosjektet, så snakka vi berre i nokre minutt om pengar. Det er turneringar å spele i, og vi skal ikkje skape problem for det, sa Mbappé om forhandlingsprosessen.
I lang tid har det vore venta at Mbappé kom til å halde fram si fotballkarriere i Real Madrid, men stjernespissen valte i staden å forlenge opphaldet i PSG.
Det valet irriterer ikkje berre den spanske hovudstadsklubben. Også i Barcelona er reaksjonane sterke.
– Det forvrenger marknaden, og spelarar endar opp med å bli kidnappa for pengar. Slik skjer når ein klubb er eigd av ein stat. Dei som skriv under for klubbar som PSG, har nærast latt seg bli slavar for pengar, seier Barcelona-president Joan Laporta i eit intervju med L'Esportiu.
Klassisk døme
Solberg meiner at Mbappés val er uhyre viktig for klubben, og for den franske ligaen.
– Det her er eit klassisk døme på det vi kallar for sportsvasking. Dersom Paris Saint-Germain mister Mbappé, så er det så vanskeleg å behalde ambisjonane. Han er gulljuvelen, og han er fransk. Dersom han forsvinn vil også den franske ligaen sakke akterut i forhold til dei andre toppligaene.
PSG er eigd av emiren av Qatar, Tamim bin Hamad Al Thani, og skal bli brukt som brikke i Persiabuktas fotballstrid.
Solberg trur det berre er sportslege mål klubben vil tene på kontraktsforlenginga.
– Ikkje kommersielt. Dersom du ser på finansielle resultat så er det ingenting å satse på i europeisk fotball. Men dersom du har andre mål knytt til sportsvasking og den type ting, så kan det vere fornuftig, seier han.