Hopp til innhold

Prisen for Noreg-drakter til barn skaper debatt: – Skammeleg dyrt

Det er Erling Braut Haaland-feber i Noreg. Men skal du kjøpe landslagsdrakt til ungane med Haaland og nummer 9 på ryggen, må du vere førebudd på å betale.

Erling Braut Haalands drakt nummer 9

KOSTAR: Skal du kjøpe denne drakta, anten til deg sjølv eller til eit barn, må du bla opp ein relativt stor sum. Prisen får supportergruppa til landslaget til å rynke på nasen.

Foto: JON OLAV NESVOLD / BILDBYRÅN

Prisen på landslagsdrakter er altfor høg, spesielt for barn. Det er skammeleg dyrt.

Det seier Lars Olav Karlsen til NRK, han er president i supporterklubben til herrelandslaget Oljeberget.

Han er oppteken av at landslaget, som mot Serbia på Ullevaal tysdag kveld, skal få støtte frå tribuneplass frå så mange raudkledde heimesupporterar som mogleg, men er bekymra for dagens prisnivå for landslagsdrakter.

I dag må ein ut med 948 kroner om ein skal kjøpe ei barnedrakt med Haaland og nummer 9 på ryggen hos NFFs offisielle nettbutikk Unisport.

Barnedrakt

Unisport, NFFs offisielle nettbutikk, opererer med denne prisen for barnedrakt med namn og nummer på ryggen. Prisen er den same anten det er kvinne- eller herrespelarar som blir valde.

Foto: Skjermdump / www.unisportstore.no

Ei vaksen-drakt med Haaland og 9 på ryggen kostar 1148.

Trur mange droppar å kjøpe

Oljeberget-presidenten trur prisane gjer at mange foreldre droppar å kjøpe landslagsdrakter til barna.

Vi vaksne har normalt sett råd til å kjøpe ei fotballdrakt, og vi kan bruke ho i mange år, men barn veks og kan normalt ikkje bruke drakta meir enn nokre få år. No er det nok langt oftare dei med god økonomi, dei som ikkje bryr seg om pris, som kjøper, medan mange andre ikkje kan ta seg råd, trur han.

Lars Olav Karlsen, president i Oljeberget

Lars Olav Karlsen, president i Oljeberget, meiner Noreg-drakta er for dyr.

Foto: Privat

– Ganske sjukt

NRK tok med ei Noreg-drakt i barnestorleik ut på gata og spurde tilfeldig forbipasserande om kva dei trur drakta, med Haaland og 9 på ryggen, kostar.

Då vi informerer om at prisen er 948 kroner, var det fleire som måtte riste på hovudet.

– Det tenkjer eg er å ta seg grovt betalt. Barn bør ha moglegheit til å få den drakta utan at ein skal punge ut nesten 1000 kroner, seier ei kvinne som heiter Katja.

– Det er ganske sjukt at ei barnedrakt skal vere så dyr, seier Erik.

Runar Pahr Andresen, marknadsdirektør i Noregs Fotballforbund, forsvarer prisen og meiner at slike barnedrakter er nokså likt prissett over heile Europa.

Landslag som har draktavtalar med globale merkevarer, som Nike i vårt tilfelle, opererer i ein internasjonal marknad der originaldrakter blir nokså prisa samanliknbart på tvers av marknader, svarer Pahr Andresen til NRK.

Med tanke på at barn veks fort ut av storleikane, bør ikkje prisen for ei barnedrakt ta meir omsyn til dette og liggje på eit lågare nivå enn i dag?

Det er ikkje uvanleg at ein kjøper ein storleik større eller to til barn, slik at ei drakt gjerne har levetid over fleire sesongar. Prisane for originaldrakter blir sette i ein internasjonal marknad og prisnivået er nokså likt på tvers av land. Endeleg prising blir sett av butikkane sjølv.

Runar Pahr Andresen

Runar Pahr Andresen i NFF.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN NORWAY

Like prisar hos naboland

Det er ikkje berre i Noreg det kostar å kjøpe barnedrakter. NRK har sjekka kva ein må ut med i Sverige og Danmark, og der er det tilsvarande prisar.

Ei Sverige-drakt med namn og nummer på ryggen kjem på 999 svenske kroner. Det svarer omtrent til 944 norske kroner.

Ei Danmark-drakt med namn og nummer på ryggen kostar 699 danske kroner. Det svarer omtrent til 971 norske kroner.

Hva bør en landslagsdrakt med trykk til barn koste?

Oljeberget er bekymra for at dagens prisnivå berre er for dei meir økonomisk solide familiane som vil ta seg råd til å kjøpe ei Haaland-drakt til barna. Deler dykk denne bekymringa?

Ei original ny landslagsdrakt er prisa i ein internasjonal marknad, men er likevel overkommeleg for mange når ein ser på brukstid over fleire år. Samstundes er det mange tidlegare variantar drakter som er på marknaden til langt lågare prisar, svarer marknadsdirektør Runar Pahr Andresen.

Foreslår sponsorløysing

Lars Olav Karlsen hugsar at han tidlegare kjøpte ei barnedrakt med DNB-sponsorlogo på armen, med Haaland og nummer på ryggen, som berre kosta 159 kroner hos NFFs offisielle nettbutikk.

Oljeberget-presidenten meiner ei slik løysing burde vere der permanent, men fotballforbundet svarer at dette var eit eige initiativ frå DNB.

Dette var så vidt eg hugsar eit avgrensa internt sal hos DNB sjølv i lojalitetsprogrammet sitt, der DNB subsidierte prispunkt på tidlegare drakt overfor pluss-kundane sine i samband med at dei inngjekk avtale med NFF. DNB tilbyr til tider ulike fordelar til sine beste kundar som dei dekkjer økonomisk sjølv, skriv Runar Pahr Andresen i ein e-post til NRK.

Sportsnyheter

Qatarsk TV hånte Tysklands VM-smell: – Ser ikkje ut som dei bryr seg

Ein seanse frå eit qatarsk VM-program viser fleire personar som morar seg på kostnad av Tysklands VM-exit. Det får ekspertar til å riste på hovudet.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Group H - Ghana v Uruguay

Stormet mot dommeren etter VM-exiten: – Totalt uakseptabelt

Sør-Koreas bragd over Portugal sendte Uruguay ut av VM. Da trillet tårene – og raseriet tok overhånd.

Siste nytt

  • Carlsen-advokater slår knallhardt tilbake mot Niemann

    I slutten av oktober ble det kjent at amerikanske Hans Niemann krever én milliard kroner av Magnus Carlsen etter jukseskandalen. Nå har Carlsens amerikanske advokater svart på Niemanns søksmål.

    I rettsdokumentene, som har blitt omtalt av The Wall Street Journal, går advokatene knallhardt ut mot Niemann og kaller søksmålet et «PR-stunt».

    – Etter flere år med forsøk på å skape et rykte som sjakkens «badboy», ønsker saksøker Hans Niemann å tjene penger ved å gi andre skylden for konsekvensene av hans egen erkjennende uredelighet, skriver advokatene.

    De skriver videre at retten må avvise alle Niemanns krav mot den norske sjakkstjernen.

    Carlsen og Niemann har i flere måneder stått i sentrum av en betent sjakkonflikt etter at etter at førstnevnte anklaget tenåringen for omfattende juks under partier.

    Niemann har i ettertid innrømmet at han jukset som 12- og 16-åring på Chess.com. Han avviser imidlertid at han brukte ulovlige midler mot Carlsen.

    Carlsen Niemann
    Foto: NTB
  • Slik spilles åttedelsfinalene

    Gruppespillet i Qatar-VM er ferdig, og allerede lørdag starter utslagsrundene. Nå er det vinn eller forsvinn.

    Den aller første åttedelsfinalen spilles lørdag klokken 16.00 mellom Nederland og USA. Den kampen sender TV 2.

    Klokken 20.00 samme dag kan du følge Lionel Messi og Argentina når de møter overraskelseslaget Australia. Den kampen sendes på NRK.

    Her er alle åttedelsfinalene:

    Lørdag 3. desember: Nederland - USA

    Lørdag 3. desember: Argentina - Australia

    Søndag 4. desember: Frankrike - Polen

    Søndag 4. desember: England - Senegal

    Mandag 5. desember: Japan - Kroatia

    Mandag 5. desember: Brasil - Sør-Korea

    Tirsdag 6. desember: Marokko - Spania

    Tirsdag 6. desember: Portugal - Sveits

    Utslagsrunder
    Foto: NRK
  • Sveits videre i VM etter amper målfest

    Serbia var avhengig av å vinne for å ha en mulighet til å gå videre fra gruppespillet, og kampen mot Sveits ble en thriller med høy temperatur.

    Sveits tok ledelsen med Xherdan Shaqiri i kampens 20. minutt, men Serbia slo raskt tilbake. Spisstjernene Aleksandar Mitrovic og Dushan Vlahovic scoret to raske mål og sendte Serbia ledelsen. Like før pause utlignet imidlertid Breel Embolo til 2-2.

    I den andre omgangen var det igjen Sveits som startet best, og allerede etter tre minutter avsluttet Remo Freuler et sveitsisk drømmeangrep. 3-2, og dermed måtte igjen Serbia snu kampen for å holde liv i VM-håpet.

    Det klarte de ikke, og dermed er Serbia ute, og på slutten var det flere tilløp til slåsskamp ute på banen. I den andre kampen i gruppa vant Kamerun 1-0 mot Brasil etter en overtidsscoring av Vincent Aboubakar. men det var ikke nok til å gå videre fra gruppespillet. Sveits møter Portugal i åttedelsfinalen, mens Brasil møter Sør-Korea.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Er Ola Lunde og fotball den perfekte kombinasjonen? 00:51
Neste