Prinsen har fremma kravet gjennom sine advokatar til CAS.
Han er ikkje nøgd med valsystemet som skal brukast ved presidentvalet fredag.
– Det er ikkje godt nok, seier han via ein av advokatane.
Han har levert teikningar av gjennomsiktige valavlukke som han har bedt om blir tekne i bruk ved røystinga. Men FIFA har avvist dette.
Gjennomsiktig bur
I staden har dei kravd at delegatane skal legge frå seg mobiltelefonane sine på utsida av buret der røystinga skal finne stad.
Dette er ikkje godt nok, meiner prins Ali. Han er redd for at dei likevel skal kunne fotografere røystesetlane, og at mange av delegatane skal bli pressa til det fordi deira forbund i ettertid skal kunne vite kven dei røysta på.
– Ved ein open boks slik vi har teikna det, vil ikkje det la seg gjere utan at det blir oppdagar. Det vil ta bort presset på dei, seier prinsens advokat.
Det er grunnlaget for Alis krav om utsetjing. Verken CAS eller FIFA har kommentert kravet.
209 delegatar skal røyste, og røystinga skal vere hemmeleg.