Hopp til innhold

Premier Leagues største manager-rivalisering: – Eg hata Alex Ferguson

Krangelen mellom suksessrike Alex Ferguson og oppkomlingen Arsène Wenger var krydderet som sette spiss på Premier League i nærmare ti år.

Arsene Wenger og Alex Ferguson

FEIDE: Alex Ferguson gir sin kollega og rival Arsène Wenger klar beskjed under ein kamp

Foto: Mike Finn-kelcey / Reuters

Premier League revolusjonerte på mange måtar fotballen. Ikkje berre ute på bane, men kanskje først og fremst utanfor.

Den høglydte, intense og ofte direkte fiendtlege kranglinga mellom Alex Ferguson og Arsène Wenger var den første – og kanskje framleis den heitaste – feiden i Premier League. Feiden var eit festmåltid for tabloidpressa, og hjelpte godt til med å løfte interessa for den nystarta ligaen til dei store høgdene.

Det tok til i 1996, tidleg i PLs fjerde sesong. Arsenals nye og ukjende manager Arsène Wenger med alle sine nye idear skulle bli ein trussel mot etablerte og suksessrike Alex Ferguson i Manchester United. Begge var like sta og temperamentsfulle, og grudde seg ikkje for å fyre med alle løpa.

Alex Ferguson og Arsene Wenger

ENGASJERT: Begge managerane i svært engasjert aksjon på sidelinja. Begge vil for kvar ein pris unngå å tape ein slik kamp

Foto: Phil Noble / Reuters

– Han har vore for lenge i Japan, og kan ikkje engelsk fotball. Hen kjenner ikkje krava her. Fire kampar på åtte dagar er galskap. Eg synest han skal halde kjeft.

Kraftsalva frå Manchester Uniteds manager Alex Ferguson small etter at han hadde gitt uttrykk for at kampprogrammet var for hardt. Arsène Wenger, fersk i Premier League, sa klårt frå at såpass må topptrente spelarar tole.

Ferguson, med sitt tradisjonelle britiske syn på fotball, likte aldri Arsene Wengers nye idear om trening og kosthald. Krangelen og munnhoggeriet dei imellom selde veldig godt på TV og på tabloide avisforsider gjennom mange år.

I ni år, frå Wenger gjorde sitt inntog i 1996 til andre klubbar enn Arsenal tok til å true Uniteds hegemoni 2005, var konfliktane mellom dei to dei heitaste i PL. Klubbane var best i ligaen, og managerane dei mest profilerte. Ingen tolte å tape. Kampane mellom laga var elektriske både på og utanfor bana.

– Eg hata Alex Ferguson medan denne rivaliseringa var på det høgaste, sa Wenger i boka «My life in red and white», som kom ut i 2018. – Og eg er sikker på at han hata meg på same måten. Den ekstreme konkurransen får deg til å hate motstandaren, la han til.

Men han hadde samstundes ei djup respekt for Sir Alex.

– Når konkurransen er over, sit du att med ein respekt for folk som står i dette så lenge, som dedikerer livet sitt til det, og som oppnår så mykje.

«Battle of the Buffet»

Manchester United - Arsenal 2003

HARDE TAK: Feiden mellom managerane gav seg også utslag på bana. Det var alltid ekstra hardt når United og Arsenal møttest

Foto: Ian Hodgson / Reuters

Feiden mellom Ferguson og Wenger varte høglydt i mesteparten av eit tiår. Men det spørst om det ikkje toppa seg då laga møttest på Old Trafford hausten 2004, og viste at krangelen også påverka spelarane.

Bakteppet var at tilsvarande kamp året før også var ein kamp med kontroversielle situasjonar, harde ord og mange skuldingar.

– Det eg så den dagen, var det verste eg har sett av sport, sa Ferguson i oppkøyringa til kampen i 2004.

United vann den glødande bataljen 2–0 med to seine scoringar, og avslutta dermed Arsenals rekord på 49 kampar utan tap. I spelartunnelen då laga var på veg til garderoben kokte det over for begge partar.

Wenger konfronterte Ruud van Nistelrooy for ei stygg takling av Ashley Cole. Så kom Ferguson og bad Wenger passe sine eigne saker. Nokon kasta deretter ein pizzabit på Ferguson, i ettertid er det hevda av det var Cesc Fàbregas som kasta.

Episoden blei straks døypt «Battle of the Buffet», seinare også kalla «Pizzagate». På pressekonferansen etter kampen leverte ein rasande Wenger skuldingar mot dommaren.

– Men det er slikt vi kan vente oss av dømming på Old Trafford, sa Arsenal-manageren.

– Vi kan berre styre vår eigen prestasjon, ikkje dommaren sin. Vi fekk det vanlege straffesparket mot oss, som vi gjer når vi kjem til Manchester United og dei er i trøbbel. Det skjedde i fjor, og det skjedde igjen no, sa Wenger.

– Dommaren hadde ein umogeleg jobb. Det såg ut som om (Arsenals) Patrick Vieira styrte det meste av kampen, han var veldig ofte oppe ved sida av dommaren, kontra Ferguson.

Wenger fekk 15.000 pund i bot for sitt utspel mot dommaren.

Og då PL-leiinga såg videoen frå Nistelrooys takling av Ashley Cole, fekk nederlendaren tre kampar utestenging.

Arsene who?

Arsene Wenger

UKJEND: Ikkje mange visste kven Arsène Wenger var då han blei introdusert som Arsenal-manager i 1996.

Foto: Ian Waldie / Reuters

– Det er lett å forstå denne uvennskapen frå Fergusons synspunkt. Wenger blei nokså snart applaudert som ein som kom inn med nye og revolusjonerande idear, nærmast eit geni, seier journalist Amy Lawrence.

– Han gjorde ting heilt annleis, og braut med fotballens «folklore», sa ein annan journalist, Sam Wallace.

Premier League var nokså ny og endringane den skulle føre til for alt innan fotball, var berre så vidt synlege då Arsène Wenger dukka opp på Arsenals treningsfelt ein septemberdag i 1996.

Då hadde Ferguson allereie leia United i ti år, tre av sesongane i Premier League. Han hadde bygt opp klubben til den beste i England, og hadde to meisterskap og ein andreplass bak seg.

Så kom denne franskmannen med sine nye idear og skulle vise vegen vidare. Det skulle vise seg svært avgjerande for fotballens utvikling – og provoserande for Uniteds skotske suksessmanager.

Arsenals direktør David Dein hadde høyrt om Wenger, og fatta interessene for ideane til franskmannen, som hadde høgare utdanning innan økonomi og medisin, snakka fem språk flytande, og hadde hatt managersuksess i både Frankrike og Japan.

– Fotballen blir meir og meir internasjonal, og vi må følgje med. Wenger er ein mann for framtida, sa Dein i dokumentaren «Premier League, en helt annen liga».

Like etter sesongstart hausten 1996 sparka Arsenal manager Bruce Rioch. Derfor venta spelarane og fansen ei storsignering. Med Barcelonas nederlandske stjerne Johan Cruyff øvst på ønskjelista.

Alkoholforbod

Arsene Wenger

TRIUMF: Arsène Wenger kan løfte pokalen for både liga og FA-cup i sin andre sesong

Foto: John Stillwell / AP

22. september sprakk bomba: Arsenals nye manager heitte Arsène Wenger. Knapt nokon i England kjende til franskmannen.

– Først tenkte eg: Kva kan denne franskmannen om fotball? Han har briller og ser meir ut som ein lærar. Snakkar han i det heile tatt skikkeleg engelsk? undrast kaptein Tony Adams.

– Eg elskar engelsk fotball, fordi det er her fotballens røter ligg, forklarte Wenger.

Han hadde opparbeidd eit rykte om å vere visjonær, og hans idear skulle kome til å snu opp ned på spelarane sine haldningar.

Han gjekk laus på spelarane sine matvanar. Tunge kjøtmåltid blei skifta ut med pasta og kylling, junkfood blei forbode, og inntak av vitamin blei viktig. Wenger tok kontroll over alle detaljar.

– Tygg skikkeleg for å vinne, kunne han forlange, fortel Martin Keown.

– Og det verka. Eg kjende meg som ein supermann, la han til.

Wenger innførte alkoholforbod. Alkohol var gift for kroppen, og kunne ikkje kombinerast med å levere det aller beste ute på bana.

Berre unntaksvis fekk spelarane drikke øl, aldri samla, og aldri i klubbregi eller på klubbens område.

Det var eit skifte som blei lagt merke til.

– Alle klubbane hadde ein drikkekultur, og vi var nok i toppen av den ligaen. Vi var alltid på byen tysdag kveld. Då la vi kredittkortet i baren og sette i gang. Alle visste at tysdag er Arsenal-folket på byen, og det kunne bli veldig seint, ofte til klokka var både seks og sju. Då kunne vi seie hei til mjølkemannen når vi gjekk heim, sa Arsenals Ray Parlour i serien «Premier League, en helt annen liga».

– Skal tole eit tøft kampprogram

Alex Ferguson

ONE BETTER: Men Alex Ferguson slo tilbake med The Treble i 1999

Foto: Dan Chung / Reuters

Wengers «kontinentale raffinement» i den engelsk fotballen gav rask suksess. Så stor suksess at Manchester Uniteds manager Alex Ferguson freste mot Wenger, som ikkje var redd for å svare.

Då Ferguson klaga over eit altfor tett kampprogram, meinte Wenger at det ikkje var tettare enn topptrente spelarar måtte tole.

– Han bør konsentrere seg om Ian Wrights taklingar, ikkje om Manchester United, sa Fergie i eit tv-intervju.

Då klubbane møttest på Highbury i november 1997, gjekk Ferguson bort frå sin elles ufråvikelege bortekampane med å ta ein kaffi med motstandar-manageren før kamp. Arsène Wenger ville han ikkje drikke kaffi med.

Wenger og Arsenal kvitterte med å vinne 3-2, første siger på Old Trafford på åtte år. Det skulle bli eit viktig steg på vegen mot ligasiger.

Arsenal vann ligaen i 1998, og detroniserte United.

Krangelen og intensiteten mellom dei to managerane la ei ekstra ramme rundt alle kampane dei imellom i alle dei neste åra.

– Beste laget eg har spela mot

Arsene Wenger og Alex Ferguson

RIVALAR: Her møtest dei på sidelinja i Community Shield-kampen i 2003

Foto: Stephen Hird / Reuters

Rivaliseringa eskalerte, også på avisframsidene. Media bygde det opp, kasta ofte bensin på bålet med oppslaga sine, og laga ein større og større såpeopera av det. Og det spissa seg til utover sesongen då Arsenal såg ut til å vippe United av trona.

– Dei kjem til å snuble. Dei har ikkje nok erfaring, sa Ferguson då Arsenal hadde vunne på Old Trafford.

Men det hadde dei, og sikra seg ligatittelen i sin tredje siste kamp.

– Arsenal i 98 var det beste laget eg nokosinne spela mot, sa Gary Neville.

Arsène Wenger hadde lykkast med sine nye idear og sitt internasjonale kontaktnett etter berre 18 månader.

– Det var eit nederlag som svei skikkeleg for Alex Ferguson, sa Gary Neville.

– Ingen visste kven han var då han kom. I dag veit dei fleste det, var David Deins tørre kommentar.

– Vi vil alltid vere laget alle vil slå

Alex Ferguson og Arsene Wenger

HANDTRYKK: Vener blei dei nok aldri heilt, men rivaliseringa blei mindre etter kvart. Her takkar Wenger Ferguson for laget etter deira siste ligamøte før Ferguson gav seg i 2013

Foto: Adrian Dennis / AFP

Kanskje det var grunnen til at United slo tilbake med tre titlar året etter. Arsenals «The Double» i 1998 blei kvittert ut med Uniteds «The Treble» i 1999. Det inkluderte også meisterligaen, ein triumf Wenger aldri makta å føre Arsenal til.

– Vi er framleis laget all klubbar aller helst vil slå, uansett kven som er meister eller er utan tap. På den bakgrunn er vår posisjon som den største klubben i landet urokkeleg. Det er slik, og vil aldri endre seg, sa Ferguson etter at Arsenal hadde vunne ligaen i 2004, og gått gjennom sesongen utan tap.

Arsenal under Wengers regime skulle vinne ligaen to år til, i 2002 og 2004. I 2003/04-sesongen gjekk laget gjennom ligaen utan tap. Sju FA-cupmeisterskap skulle også Wenger få med seg.

Likevel – det var United som tok dei fleste titlane. 13 PL-meisterskap i løpet av 21 sesongar skulle det bli alt i alt før Fergie gav seg i 2013.

Wenger sat i jobben til 2018. Han vann aldri meir ligaen etter 2004, men heldt Arsenal i topp 4 alle år fram til 2016.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal