Hopp til innhold

Prega ukrainske langrennsløparar på Sjusjøen: – Vi klarar ikkje sove eller ete

Dei ukrainske utøvarane som er på Sjusjøen vil heim til familiane sine. Men dei veit ikkje når det blir noko av.

Lada Nesterenko

PÅ SJUSJØEN: Langrennstrenar for det ukrainske laget Lada Nesterenko.

Foto: Dag Kessel / NRK

Høyr og sjå på kva som skjer i landet vårt. Det blir øydelagd, byane blir øydelagde, menneske døyr, og det gjer vondt, seier hovudtrenar for det ukrainske langrennslaget Lada Nesterenko.

Det er i alt 13 utøvarar og fire leiarar som er i Noreg, etter at dei deltok i U23-VM på Lygna.

Dei kan ikkje reise tilbake til Ukraina på grunn av det brutale angrepet frå Russland. Det betyr at dei blir verande i Noreg på ubestemd tid.

Takk til Skiforbundet og takk til det norske folket for at dei har funne ein trygg stad for oss, seier den ukrainske trenaren.

Brit Baldishol, som er utviklingssjef i Skiforbundet, seier situasjonen er forferdeleg.

Dei er sjølvsagt i kontakt med familiane sine, men det er tøft. Dei veit ikkje kva som skjer. Dei vil reise heim og vere med familiane sine. Så får vi sjå kor lenge dette går føre seg, seier Baldishol til NRK.

Ukrainske utøvere

SAMLA: Det ukrainske junior- og U23-laget blir verande i Noreg fram til det er trygt å reise heim til Ukraina.

Foto: Dag Kessel / NRK

Vil heim til Ukraina

Sidan krigen braut ut og avreise vart umogleg, har Skiforbundet i samarbeid med Lygna Skisenter starta ei innsamling for dei ukrainske utøvarane og leiarane.

I skrivande stund er det samla inn over 450 000 kroner for det ukrainske laget på Sjusjøen.

Målet er å kunne gi det ukrainske laget økonomisk støtte medan løparane og leiarane oppheld seg i Noreg i tida som kjem.

No må vi setje dei inn i den daglege rutinen, der dei kan handle mat og klare seg på ein måte sjølv for å få kvardagen til å gå rundt, seier Baldishol.

NM på ski del 2 på Lygna

HJELP TIL: Brit Baldishol har bidrege til at ukrainske utøvarar og leiarar får ein stad å bu i Noreg.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Sjølv om dei er takksame for nordmenns bidrag, har dei aller mest lyst til å møte sine kjære igjen.

Dei har eit ønske om å bidra til eige land. Dei ønskjer eigentleg ikkje at det norske folket skal støtte dei, for dei vil støtte sitt eige land, seier Baldishol.

Hjartet vårt og tankane våre er der (i Ukraina). Vi klarer ikkje sove eller ete godt når vi ikkje veit om våre næraste er i live eller ikkje, seier ein tydeleg prega Nesterenko.

Stor støtte verda over

Støtta til Ukraina har vore enorm i idrettsverda dei siste dagane. Under fleire konkurransar kan ein sjå ukrainske flagg, og det har vore mange som har fordømt Russland ved å stengje ute landet frå diverse idrettsgreiner.

Under verdscupkonkurransane i Oslo og Drammen vil det ikkje vere russarar til start. I staden vil det truleg vere ukrainske flagg og fargar, med mellom anna ein Coop-logo i gult og blått.

Det er venta at Noreg skal ta imot mange flyktningar frå Ukraina den næraste tida. Justisminister Emilie Enger Mehl og UDI-direktør Frode Forfang sa tysdag at Noreg kan ta imot 1000 flyktningar på éin dags varsel.

Som følgje av krigen i Ukraina har allereie mange innbyggjarar flykta frå landet. Det er grunn til å tru at 500 000 har flykta frå landet sidan invasjonen starta.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal