Superreserven berga uavgjort: – Har truleg ikkje scora eit betre mål

Eden Hazards mål såg ut til å gi siger for Chelsea. Men det var før Daniel Sturridges 25-meters-susar.

Jürgen Klopp og Daniel Sturridge

SUKSESS-BYTTE: Jürgen Klopp instruerer Daniel Sturridge før innhoppet i sluttminutta. Rett etterpå hadde "superreserven" redda kvelden for sjefen

Foto: GLYN KIRK / AFP

Laster innhold, vennligst vent..

Sturridge kom innpå då klokka viste 86 minutt. Det stod 89 minutt då han fekk ballen 25 meter ute og smelte den i krysset.

Det er hans 17. mål i Premier League som reserve. Berre Jermain Defoe (24) og Olivier Giroud (19) har fleire.

Då hadde det lenge lege til rette for Liverpools første ligatap. Men Liverpool pressa og Chelsea rygga. Og heimesigeren rauk.

Chelsea var best før pause, men tok til å bli trøytte utover i andre omgang. Likevel låg dei an til å halde unna. Heilt til Sturridge viste seg fram.

– Eg veit ikkje om eg har scora eit betre mål. Truleg ikkje, sa Sturridge til tv-stasjonen BT like etter kampen. – Men i dag dreia alt seg om resultatet.

Liverpool-manager Jürgen Klopp gliste minst like mykje som vanleg etter kampen.

– Vi gjorde ein feil i første omgang, då scora dei. Vi hadde sjansar, og vi spela fantastisk fin fotball og fortente poenget, sa Klopp.

– Eg er nøgd med prestasjonen, og vi møtte eit veldig godt lag. Vi blir betre og betre for kvar kamp. Men sjølvsagt var det surt at sigeren glapp, sa Chelseas manager Maurizio Sarrio. – Det var to flotte mål scora av to flotte spelarar.

– Eden Hazard kan score 40 mål denne sesongen, la han til.

Eden Hazard

HAZARD: Chelseas stjernespiss kan juble etter Cheleseas mål. Men det heldt ikkje heilt inn

Foto: DAVID KLEIN / Reuters

Chelsea-magi

Chelseas leiarmålet etter 25 minutt var ei perle. Chelsea starta angrepet langt inne på eigen halvdel, og etter mange trekkk blei Eden Hazard spela fri og sette ballen trygt i lengste hjørnet. Det såg lenge ut til å bli matchvinnarmålet.

– Uavgjort var greit nok, men eg er skuffa over at eg ikkje scora i andre omgang også, sa Hazard.

At det ikkje blei meir enn to mål på Stamford Bridge i kveld, er ei gåte. For begge lag hadde mange sjansar dei burde utnytta betre. Men Kepa og Alisson er ikkje dei dyraste målvaktene for ingenting.

Liverpool hadde gått gjennom sesongen så lang med berre sigrar. Men denne veka har dei tap og uavgjort, begge mot Chelsea. Dei mista også ligaleiinga til Manchester City i løpet av laurdagen.

Liverpool møter City heime på Anfield neste helg. I mellomtida skal dei til Napoli i meisterligaen.

Liverpool scorer mot Chelsea

SUPER-SUB: Daniel Sturridge (utanfor biletet) smeller til etter berre tre minutt på bana, og Liverpool tar eit poeng på Stamford Bridge

Foto: DANIEL LEAL-OLIVAS / AFP
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Iranske fotballag truer med boikott

    Fire av Irans beste fotballag truer med å boikotte den asiatiske mesterligaen hvis et antatt forbud mot internasjonale kamper i landet ikke fjernes. Fredag opplyste Irans fotballforbund at Det asiatiske fotballforbundet (AFC) nekter landet å arrangere internasjonale kamper i landet, noe som innebærer at kampene må spilles i et annet land. AFC har imidlertid ikke bekreftet om et slikt forbud har blitt vedtatt. Esteghlal, Persepolis, Sepahan og Shahr Khodro er Irans lag i årets mesterliga i Asia. I en felles uttalelse sier klubbene at de kun vil delta i turneringen hvis de får spille hjemmekampene sine i Iran. Det skriver nyhetsbyrået AFP. (NTB)

    Truer med boikott
    Foto: Atta Kenare / AFP
  • Spania klar for semifinale

    Med 37-28 seier over Hviterussland er Spania klar for semifinale. Dermed vil Norge møte enten Kroatia eller Spania, dersom Norge tar seg til en semifinale. Onsdag møter Spania Kroatia i siste kamp før semifinalene, og den kampen avgjør hvem som går ut som gruppevinner.

    Viran Morros de Argila
    Foto: Vladimir Simicek / AFP
  • Kansellert fly skaper problemer

    Freestylekjører Øystein Bråten går glipp av viktig trening i forkant av X Games i Aspen, som starter torsdag. Bråten skulle egentlig fly til USA i dag, men grunnet feil med flyet ble reisen kansellert. Nordmannen skal konkurrere i slopestyle, men får da en dag mindre i løypa enn konkurrentene. – Jeg krysser fingrene for at vi er på plass i morgen, så skal det gå bra. Jeg gleder meg sjukt mye. Jeg har sett bilder av løypa og den ser helt rå ut, sier Bråten til NRK.

    Øystein Bråten under X Games Oslo 2018
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal