Hopp til innhold

Praktfull Ødegaard-scoring til inga nytte: – Dette var hardt å ta

Martin Ødegaard var skuffa etter at scoringa hans ikkje heldt til poeng mot Everton.

Martin Ødegaard scorer

NETTSUS: Her smeller Martin Ødegaard inn sin andre kamp på rad

Foto: JASON CAIRNDUFF / Reuters

– Det var tøft å ta dette. Vi var ikkje på vanleg nivå i dag. Dei gav oss mykje rom, og det skulle vi gjort mykje meir av, sa Ødegaard til Sky Sports.

Ødegaards mål heldt Arsenal i leiinga til stadionuret viste 79 minutt. Men på dei attståande minutta glapp det for Arsenal, og Everton vann 2–1.

Ødegaard hadde ein god sjanse til å gi Arsenal 2–1 på overtid. Men det gjekk ikkje, og sekund etter var det Evertons Demarai Gray som avgjorde kampen i favør av heimelaget. Og det etter ein andreomgang som var full av sjansar.

  • Ødegaards scoring (med løyve frå TV 2):

– Ein legendarisk bra andreomgang, sa Erik Thorstvedt i TV 2-studio.

Men Martin Ødegaard sette sitt store preg på kampen og var ein av dei aller beste på bana.. Hans mål sikra Arsenal leiinga heilt mot slutten av ein nokså tam og sjansefattig første omgang. Og då Arsenal pressa for sigersmålet mot slutten av kampen, hadde han to gode sjansar til å bli dagens helt.

– Vi leia lenge, og då skal vi ikkje gi det frå oss. Når du leier, blir du redd for å tape, og det var det vi gjorde feil i dag. Dette må vi lære av, sa Ødegaard, som sjølv fek gult koty for uthaling av tid medan Arsenal leia.

I staden slo Everton tilbake på overtid og sikra sin første siger sidan 25. september. Sidan har dei spela åtte ligakampar med bere to poeng som resultat.

For andre kamp på rad, og for tredje gong i ligaen i haust, kom nordmannen på scoringslista. På overtid av første omgang la Kieran Tierney eit godt innlegg frå heilt ute på venstrekanten, og midt inne i feltet møtte Ødegaard perfekt og dundra ballen i mål på direkten frå 12 meter.

Tre ballar i nettet – eitt mål

Richalison

ENDELEG: Richalison fekk godkjent utlikningsmålet etter to VAR-annulleringar tidlegare i kampen

Foto: JASON CAIRNDUFF / Reuters

Det var ei perfekt scoring for Arsenal. Ikkje berre fekk dei den viktige scoringa like før pause, dei kunne ha lege under med eit mål eit par minutt før. Då heada Richarlison ballen i mål bak Arsenals målvakt Aaron Ramsdale og trudde han hadde gitt heimelaget leiinga. Men to-tre mann var i offside, og målet blei annullert etter VAR-påsyn.

13 minutt etter pause slapp Arsenal igjen med skrekken. Richarlison sette ballen i mål på nytt. Men igjen var han i offside med ein liten skotupp, og igjen annullerte dommaren etter VAR-gransking.

Men alle gode ting er som kjent tre. Med 11 ordinære minutt igjen sette brasilianaren ballen i nota for tredje gong, og denne gongen blei det teljande.

Demarai Gray skaut i tverra, og returen heada Richarlison inn til 1–1.

Ødegaard og Arsenal pressa for sigersmålet på slutten, og skapte fleire store sjansar. Ødegaards skot frå 15 meter var godt, men blei stoppa av Ben Godfrey. Og innbytar Eddie Nketiah heada i stolpen frå kort hald. På overtid sende Ødegaard ein susar som kunne gitt 2–1.

Men så var det Everton som skulle triumfere til slutt. Gray avslutta med ein dribleserie og eit skot i nettet via stolpen. Everton tok sin første siger sidan 25. september.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal