Den britiske sykkelrytteren Simon Yates har avlagt positiv dopingprøve, som viser spor av det forbudte stoffet terbutalin.
Prøva blei tatt under rittet Paris-Nice i mars.
Laget hans, Orica-Greenedge, tar ansvaret for den positive testen.
Dei skuldar på ein lege som skal ha gløymt å søke dispensasjon for bruk av astmamedisinen.
– Dette dreier seg kun om menneskeleg svikt. Legen har tatt det fulle ansvaret for feilen, skriv Orica-Greenedge i ei pressemelding gjengitt av BBC.
– Stoffet blei gitt til Simon Yates i form av ein astma-inhalator, og dette blei ikkje oppført av lagets lege på dopingkontrollørane sitt skjema, som blei signert då testen blei tatt, ifølge Orica-Greenedge, som fortel at Yates har dokumenterte astmaproblem.
Simon Yates blir sett på som ein av framtidas store, britiske sykkelryttarar, saman med tvillingbror og lagkamerat Adam Yates.
Nordmann testa positivt - fekk sparken
I juni i fjor testa den norske rytteren Vegard Robinson Bugge positivt for bruk av samme stoff.
Nordmannen blei kasta ut av laget Team Sparebanken Sør og fekk seinare ei mindre straff av Det internasjonale sykkelforbundet for å ha brukt ein astmamedisin han ikkje hadde godkjenning til å bruke under rittet Tour des Fjords.
FEKK SPARKEN: Vegard Robinson Bugge fekk sparken då dei blei kjent at han avla positiv dopingprøve som viste spor av det forbudte stoffet terbutalin.
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpixRobinson Bugge har seinare forklart at det heile var ein tabbe der han forveksla astmamedisinar, som etter kvart kosta han dyrt.
Vil støtte Yates
Orica-Greenedge lovar Yates full støtte under behandlinga av dopingsaka.
«Orica vil støtte 23-åringen under etterforskinga,» skriv BBC.
Yates fullførte mellom anna Tour de France i fjor. Ungguten frå Bury i England var i utgangspunktet ein av kandidatane for det britiske OL-laget i landeveissykling.