Ingen avgjering etter korkje ordinær tid eller ekstraomgangar førte Polen og Portugal ut i straffekonkurranse i kvartfinalen.
Der var det Portugal som trakk det lengste strået.
– Vi var betre enn Polen. Gratulerar til spelarane, som gav alt. Nokre av dei er heilt ferdige etter to ekstraomgangar, men dei greidde å avgjera, seier trenar Fernando Santos.
Leia an av Cristiano Ronaldo, skåra Portugal på alle sine fem straffar, medan nasjonalhelten Jakub «Kuba» Błaszczykowski bomma på den fjerde straffe for Polen.
– No har Błaszczykowski dratt Polen vidare i andre tilfelle, so han er ikkje ein syndebukk i mine augne. Det var berre at han bomma i dag, slik er det, seier NRKs ekspertkommentator, Bengt Eriksen.
– Ikkje Ronaldos dag
Eriksen er derimot mindre imponert over Ronaldo i dagens kamp.
– Eg har ikkje sett Ronaldo komme til slike sjansar, og bomme so ofte. Det var ikkje hans dag.
Cristiano Ronaldo klarte ikkje å bruke dei nokon av dei store sjansane han fekk i løpet av kampen til å sende sitt Portugal til semifinalen i EM. Rett før full tid fekk han tidenes sjanse til å avgjere, då han blei tredd gjennom og kom åleine med keeper. Han prøvde å avslutte på første touch, men bomma på ballen.
Portugal har endå ikkje klart å avgjere ein kamp etter ordinær tid dette EM. Dette er 6. gang at Portugal går til ekstraomgangar i EM-samanheng.
– Enkelt forklart er dei ikkje gode nok til å avgjere kampane. Dei er avhengige av Ronaldo, og han har ikkje levert, fortel Eriksen.
Portugal har nådd semfinalen i EM dei 5 av 7 siste gongene.
Pangopning
Men sjølv om kampen utvikla seg til å bli ein stillingskrig, opna den med eit brak.
– Der er endelig Lewandowski slik me er vant til å sjå han, utbraut NRKs ekspertkommentator Bengt Eriksen.
Etter berre 1 minutt og 40 sekund small det frå polakken, som var toppskårar i EM-kvalikken, men som ikkje har funne nettmaskene so langt i meisterskapen. Med det skreiv han seg inn i historiebøkene som den nest raskaste målskåraren i EM nokon sinne.
Stjerneskot frå stjerneskot
Etter målet gav Polen sakte men sikkert frå seg initiativet. Då halvtimen var spelt, sette det 18 år gamle stjerneskotet Renato Sanches inn utlikningsmålet. Eit strålande skot frå dette EMs yngste målskårar.
– Vi er like langt i Marseille. Vakkert, vakkert, vakkert mål, ropte NRKs kommentator Olav Traaen.
– Det er ein fantastisk augneblink for både laget og meg. Folk kritiserer oss, men me bryr oss ikkje, fordi me er i semfinalen.
Trass i sigeren, er det mange som tykkjer at kampen var kjedeleg.
Me måtte altså heilt til straffesparkkonkurransen for å kåre ein vinnar. No skal Portugal møte enten Wales eller Belgia i semifinalen.