NRK Meny
Normal

Polsk media: Kowalczyk blir presentert for Aukland-lag fredag

Alt ser ut til at Justyna Kowalczyk skal konkurrere på samme lag som Aukland-brørne denne sesongen.

Justyna Kowalczyk

SAMAN MED AUKLAND: Justyna Kowalczyk skal gå på lag saman med Anders og Jørgen Aukland i Team Santander til vinteren.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Nyheiten har sirkulert i polsk media nokre dagar og no skal det vere klart.

Justyna Kowalczyk blir presentert som Team Santander-løpar fredag.

– Eg kan ikkje bekrefte dette, seier manager Nils Marius Ottestad i Team Santander til NRK onsdag kveld.

Men ifølgje polsk media er det meir enn klart. Overgangen har vore omtalt sidan slutten av førre sesong.

Pressekonferanse i Warzawa fredag

– Eg har bestemt meg for eit norsk lag på sidan dei gjev garantert vil gje meg profesjonell støtte på det høgste nivået. Eg er veldig glad for moglegheiten til å samarbeide med nordmenn, sa ho den gang til den polske avisa Gazeta Wyborcza.

Men ynskje har ikkje blitt til noko meir handfast før nå.

32-åringen skal bli ansiktet utad til den polske avdelinga til Santander og på heimesida si skreiv banken onsdag at dei skulle presentere laget til ein meister og viste ein skygge av ein person.

Ifølgje polsk media skal det ikkje vere nokon tvil om at denne skugga er dama som har gjort langrenn til ein folkesport i landet.

Blir skulda for å vere forrædar

Detaljene skal presenteres på fredag under ein pressekonferranse i Warszawa i hovedkvartert til den polske olympiske komite. Der vil Kowalczyk også avsløre kva slags langløp og verdscuprenn ho kjem til å gå denne sesongen.

Skistjerna har måtta tole skuldningar frå den polsk fansen om at ho er ein forræder når ho nå skal gå for eit norskt lag.

– Det er så idiotisk at eg ikkje vil kommentere dette tullet, sa ho i eit intervju med den polske TV-kanalen TVP.

Siste nytt

  • Liverpool og Roma risikerer straff

    Det europeiske fotballforbundet åpner sak mot både Liverpool og Roma etter tribunebråket i semifinalen i mesterligaen. Liverpool-fansen fyrte opp bluss og kastet gjenstander, mens Roma-fans angrep Liverpool-supporteren Sean Cox utenfor Anfield.

  • Northugs manager alvorlig skadd

    Are Sørum Langås, manager til Petter Northug, har tilbrakt ti dager på sykehus etter en alvorlig fallulykke, melder VG. Avisen skriver at ulykken skjedde da han skulle gjøre arbeid på sin nye hytte. Langås ble utskrevet fra sykehuset søndag. Han pådro seg flere brudd i begge armer, i ansiktet og hodeskallen.

    Are Sørum Langås
    Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
  • Yates beholdt ledertrøya

    Tom Dumoulin knappet innpå Simon Yates i Giro d'Italia, men briten beholder den rosa ledertrøya. Etter dagens tempoetappe er Yates 56 sekunder foran Dumoulin og 3:11 foran Domenico Pozzovivo i sammendraget. Rohan Dennis vant tempoetappen.

    CYCLING-ITA-GIRO
    Foto: LUK BENIES / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal