Polen held fram med å dominere verdscupen i hopp. Søndag var det Kamil Stoch som gjekk til topps.
Stoch låg på andreplass etter første omgang, men 130 meter i den andre heldt til å gå forbi Gregor Schlierenzauer, som med 126,5 fall til fjerdeplass.
Anders Bardal leverte to jamnt gode hopp og enda på femteplass, 7,2 poeng bak vinnaren. Bardal hoppa 1129 meter i andre omgang.
– Anders kan ta jul med god sjølvtillit
– Det er eit bra skihopp, men han har meir å gå på. Det er dei små detaljane som gir store utslag, sa Anders Jacobsen i NRKs studio.
– Men han kan reise heim til julematen med god sjølvtillit, og vi kan vere optimistiske før hoppveka, la Jacobsen til.
Den tysk-austerrikske hoppveka tek til i Oberstdorf laurdag.
– Eg skal gå "all in"
Laget blir teke ut måndag. Sjølv er Jacobsen klar for hoppveka.
– Eg skal gå "all in", så får vi sjå kor langt det held, seier hoppvekevinnaren frå 2007.
Anders Fannemel leverte eitt av dei beste hoppa i andre omgang. Med 130 meter hoppa han seg opp frå 14.-plass til sjuandeplass.
Jamnt i første omgang
Etter ein jamn første omgang låg Bardal på femteplass, fire poeng bak leiande Schlierenzauer. Bardal hoppa 132 meter, Schlierenzauer 133.
– Det er eit bra hopp, men han kunne ha begynt satsen endå eit par meter tidlegare, sa Anders Jacobsen i NRKs studio om Bardals hopp i første omgang.
Mellom dei låg Kamlel Stoch (132), Andreas Wellinger (131) og Wolfgang Loitzl (132 meter).
Anders Fannemel var nummer 14 og nest beste nordmann med 129 meter. Ole Marius Ingvaldsen og Tom Hilde fek også ver emed i finaleomgangen.
Robert Johansson var nummer 46 og vart slått ut.