NRK Meny
Normal

Kongepokal til Pedersen og Warholm

Isabelle Pedersen og Karsten Warholm tok kongepokalane under friidretts-NM i Haugesund.

Isabelle Pedersen

KONFEPOKAL: Isabelle Pedersens 12,88 på korthekken vart vurdert som betre enn Ezinne Okparaebos 11,19 på 100 m då kongepokalen skulle delast ut

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Pedersen fekk pokalen for sin siger på 100 m hekk fredag på den sterke tida 12,88 – berre 14 hundredeler bak den norske rekorden, og utan å bli pressa av nokon av konkurrentane.

– No eg er letta. Dette har eg drøymt om i mange år, sa ho jublande til NTB.

– Dette er beviset for at eg er NM-dronninga, og betre motivasjon framfor VM kunne eg ikkje ha fått, sa ho, og la til at kongepokalen har vore målet sidan ho slo gjennom i 2009.

Det valet var det ikkje alle som var samde i. Ezinne Okparaebo sprang 100 m på 11,19 i semifinalen. – Det er betre enn Isabelles hekkeløp, sa Okparaebo til Aftenposten laurdag kveld.

Etter utdelinga var ho ikkje nøgd, og la ut denne meldinga på twitter:

Laster Twitter-innhold

Trudde ikkje han var kandidat

Karsten Warholm

KONGEPOKAL: Karsten Warholm er den første i NM-historia som får kongepokal for bredde og ikkje enkeltresultat. Han tok to gull og to sølv, men reiste på ferie før siste dag av NM

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Warholm tok to gull og to sølv under meisterskapet. Han fekk ikkje pokalen for noko av enkeltresultata, men for sin allsidige innsats. Det har aldri før skjedd i friidretten.

Han tok gull på 400 meter både med og utan hekk, og sølv i lengde og 110 meter hekk.

Det skjedde fredag og laurdag. Deretter reiste han til Polen på ferietur, og var dermed ikkje til stades for å ta imot pokalen av kulturminister Thorild Widvey. Det hadde han ikkje gjort dersom han visste at han var aktuell for pokalen.

– Skal eg vere aktuell for kongepokal, må eg konsentrere meg om berre ei eller to øvingar, sa han til NTB før han reiste frå NM-byen laurdag kveld.

Han skulle berre visst...

Siste nytt

  • Hockeygutta med full kontroll

    De norske ishockeyherrene viste solide takter mot Frankrike i kveld. Franskmennene ble banket 6-0 etter en norsk kanonstart. – Vi var «på» stort sett i hele kampen, og det er jeg fornøyd med, sier landslagssjef Petter Thoresen til NTB.

    patrick
    Foto: LARSEN, HÃ¥KON MOSVOLD / NTB SCANPIX
  • Lunde irritert over arrangørene

    Katrine Lunde var irritert etter VM-seieren over Nederland i kveld. Dopingkontrollen kom ikke i gang. – Dette tar for lang tid. Ikke får vi restituert heller, sa en litt oppgitt Lunde til NTB i pressesonen.

    Katrine Lunde Haraldsen jubler
    Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpi
  • Christiansen tok også bronse

    Henrik Christiansen tok bronse på 1500 meter fristil under svømme-EM i København i kveld. 21-åringen fra Skjetten svømte inn på 14:25,66, og endte elleve sekunder bak ukrainske Mykhaylo Romanchuk, som vant distansen.

    Henrik Christiansen
    Foto: SVT

Sendeplan

Kl. Program Kanal