– Dei har den beste trenaren, beste smørar, beste fysio, beste skytetrenar og beste budsjett. Likevel så blir det bom-bom-bom for dei norske. Og når det likevel går bra på standplass, bommar dei på det siste skotet.
Det skriv Raphael Poiree på Facebook i dag. Då har han sett ei helg med renn i Nove Mesto, der Martin Fourcade har vunne alt i suveren stil, og der dei norske med få unntak har skote seg vekk.
– Det er frustrerande å sjå. Kom igjen, Norge, skriv Poiree.
– Den skyteprestasjonen dei norske har levert, har vore heller dårleg, må eg seie, seier Poiree til NRK.
– Fekk du ein bom, kunne du hente det inn
Franskmannen veit kva han snakkar om. Han var i den absolutte verdstoppen med åtte VM-gull og fleire OL-medaljer frå 2000 til 2007.
– I mi tid var det nok å gå fort og skyte raskt. Fekk du ein bom eller to, kunne du hente det inn igjen. Norske skiskyttarar hadde alltid best langrennstid i mi tid. Dei var ikkje dei beste til å skyte, men det dei gjorde, var godt nok. Det forspranget er innhenta av andre, seier Poiree.
Luftgevær
Han fortel at i Frankrike tek utøvarane til å trene med luftgevær i ung alder. Sjølv tok han til med det som 14-åring og var 16 før han begynte å bruke kaliber 22.
– Frå talenta er 12-13 år trenar dei med luftgevær tre-fire gonger i veka. Der jobbar du med presisjon. Det er når du jobbar time etter time og økt etter økt med presisjon du lærer om skyting – om stabilitet og avtrekk.
Først når dei er 16 tek dei til med kaliber 22, som blir brukt i skiskyting. I Norge går dei rett på kaliber 22 i 9-10-årsalderen, og blir mest opptatt av å skyte raskt, fortel Poiree.
Slaktar skytetreninga
– Tanken er at talenta skal ha skytinga i fingrane og i kroppen før dei begynner å koble det med langrenn. Skytinga skal gå som ein leik ute i løypa, seier han.
Han meiner norske skiskyttarar er fysisk like sterke som konkurrentane.
– Men skytebiten står det dårleg til med, seier Poiree. – Basen for skytinga er ikkje på plass i det heile tatt.
Eigen skytetrenar for rekruttering
NRK-ekspert Ola Lunde er samd i at det må meir skytetrening til.
– På ståande skyting ligg Norge klart bak Martin Fourcade og fleire andre. Vi må jobbe endå hardare med basisbiten og kanskje bruke meir skyteekspertise.
– I Frankrike har dei eigen skytetrenar for juniorlandslaget. Han gir dei ein fantastisk basis som gjer at dei presterer på høgt nivå i verdscupen, seier Lunde
Han nemner tidlegare verdsmeister Trond Kjøll, OL-finalist Vebjørn Berg og landslagstrenar Espen Berg-Knutsen som mogelege namn som kunne vore med å heve skytenivået.