NRK Meny
Normal

Pogbas herlige revansje

Paul Pogba stilna kritikarane i kvartfinalen mot Island. Franskmannen er nær utskjelt etter den svake opninga på meisterskapen. Men i kveld løysna det verkeleg.

Soccer Euro 2016 France Iceland

STIKK TIL KRITIKARANE: Kvar er de no?

Foto: Frank Augstein / Ap

Paul Pogba var ein av dei viktigaste spelarane for Frankrike i kveldens 5-2-siger over Island. Her viste han seg frå ei heilt anna side enn tidlegare i EM.

For franskmannen har ikkje hatt noko lett meisterskap. Heile Frankrike har venta på at Pogba skal levere nye trofé til «Les Bleus».

Men Pogba, som har fått kallenamnet blekkspruten, på grunn av sine lange bein, som liknar på tentaklar i det han beinar opp og ned på bana, har ikkje levert.

Det var inntil i kveld.

Hylla i sosiale medier

Og Pogba får unison hyllest på twitter etter maktdemonstrasjonen

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Løysna for blekkspruten

For i kveld var ein festaften for fotballen, og ein kveld å feire for Paul Pogba.

Endeleg fekk han gjere det han likar best. Pogba var mykje meir involvert i det offensive spelet til Frankrike, og serverte fleire viktige pasningar gjennom kampen.

Ein av dei var den lange ballen fram til Giroud, som Arsenal-spelaren flikka vidare til Griezmann, som plutsleleg var heilt åleine gjennom.

Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.

Men ikkje berre det. Pogba viste seg fram også defensivt. Blant anna med ein viktig takling på Birkir Sævarsson. Deretter spelar han ein presis langball over til Giroud på løp.

Han dikterte spelet på midtbana, slik ein ekte maestro skal. Og når han går opp himmelhøgt på eit hjørnespark frå Griezmann etter 20 minuttar, er det ingen som er i nærleiken av å stoppe franskmannen.

Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.

Det feira han med å late som han speida etter kritikarane sine. Kvar er dykk no?

Ein herleg revansj for Pogba, som viser at han har alle dei kvalitetane som trengst for å ta Frankrike til EM-gull på heimebane.

Siste nytt

  • USA til kvartfinale i ishockey

    USA slo Slovakia 5–1 tirsdag morgen, og tok seg med det til kvartfinalen i ishockeyturneringen. I kvartfinalen venter Tsjekkia for de amerikanske hockeyherrene.

    USA hockey
    Foto: Brendan Smialowski / AFP
  • Sverige vraker sprintspesialistene

    Teodor Peterson og Oskar Svensson var eneste svenske innslag i semifinalen på OL-sprinten, men ingen av dem får gå onsdagens lagsprint.

    Marcus Hellner og Calle Halfvarsson utgjør svenskenes lag.

    Teodor Peterson
    Foto: Andreas Hillergren/tt / NTB scanpix
  • Mowinckel nummer seks på trening

    Ragnhild Mowinckel havnet på sjetteplass på kvinnenes siste utfortrening før onsdagens OL-uttfor. Molde-kjøreren var 35 hundredeler bak østerrikske Ramona Siebenhofer. Michelle Gisin og Nadia Fanchini tok seg inn til andre og tredje beste tid.

    ALPINE-SKIING-OLY-2018-PYEONGCHANG-TRAINING
    Foto: MARTIN BERNETTI / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
OL i Pyeongchang
OL i Pyeongchang: Ishockey mellomrunde
OL i Pyeongchang: Kombinert hopp
OL i Pyeongchang: Skiskyting mixed stafett og curling Norge - Italia
OL i Pyeongchang: Kombinert langrenn og curling Norge - Italia
OL i Pyeongchang: Curling Norge - Italia
OL-magasin
Høydepunkter fra dagen
OL-magasin
Mester mot legende i vintersport
Mester mot legende i vintersport