United var på veg mot siger i det som var Ole Gunnar Solskjærs Premier League-kamp nummer 100 som United-manager. Men med kampen siste spark på ballen utlikna Everton.
– Dette er to tapte poeng, ingen tvil om det. Men slik er fotballen, seier Ole Gunnar Solskjær til TV 2.
– Denne kampen fortente vi å vinne, seier han til BBC.
– Vi var betre i andre omgang enn i første. Vi fortente ikkje 2–0 ved pause. Vi var gode etter at dei utlikna til 2-2, då angreip vi og skapte sjansar. Det viser karakter. Dei hadde tre skot på mål og fekk tre mål.
Trass i poengtapet er han nøgd med utviklinga av laget.
– Vi er i ferd med å bli eit United-lag slik eg vi sjå det.
– Finst ikkje betre tidspunkt å score på
United var i ferd med å kontrollere inn til tre poeng, men så dukka Dominic Calvert-Lewin opp på overtid av overtida. Han reagerte raskast på eit frispark frå Lucas Digne, og trilla inn 3–3.
– Eg venta berre på at ballen skulle kome min veg, og eg var sikker på å nå han før keeper, sa Calvert-Lewin.
– Men det var frustrerande å få det tredje målet mot oss etter at vi hadde fått 2-2, la han til. Han frykta det verste då målet måtte VAR-granskast får det blei godkjent.
– Det finst ikkje eit betre tidspunkt å score på.
Utlikningsmålet (video med løyve frå TV 2)
Kalddusj etter pause
Solskjær hadde allereie fått ein kalddusj då Everton utlikna med to raske mål like etter pause, etter at United hadde 2–0 og full kontroll i første omgang.
Etter at Everton hadde hatt initiativet tidleg i kampen, slo United tilbake. Rashfords innlegg gjekk rett over Michael Keane, og der kunne Edinson Cavani heade ballen hardt i mål frå kort hald. Everton-keeper Robin Olsen valde å bli ståande på streken, og det gjorde jobben enkel for Cavani med å setje inn 1–0.
2–0 kom i siste minutt før pause. Bruno Fernandes løfta ballen vakkert over Olsen frå 25 meter. Alt såg ut til å gå på skinner for Ole Gunnar Solskjærs menn.
Men Everton sjokkerte United etter pause, og med to mål i løpet av mindre enn tre minutt stod det 2–2.
Først scora Abdoulaye Doucouré etter ein tabbe av David de Gea i Uniteds mål. Så avslutta James Rodríguez eit vakkert angrep med ei fin scoring, etter forarbeid av Doucouré.
United var tilbake i leiinga etter ei heading av Scott McTominay. United-spelaren var omringa av tre mann, men makta likevel å vinne kampen om ballen. Robin Olsen burde nok ha tatt den.
Ti minutt for King
Everton yppa seg litt mot slutten, og Joshua King fekk spele dei ti siste minutta, utan å få setje noko preg på kampen.
Men då alt håp såg ut til å vere ute, kom utlikninga.
– Vi hadde ikkje fortent å tape. I første omgang var vi ikkje dyktige nok i avslutningane på kontringane, men vi var betre etter pause, sa Everton-manager Carlo Ancelotti.
– Eg er stolt. Vi er i god flyt for tida, og vi viste på 3–2 at vi ikkje ville tape.
Som om ikkje poengtapet var nok, mista også United Paul Pogba. Fem-seks minutt før pause måtte han ut med det som såg ut som ein lyskestrekk.
– Paul kunne ikkje halde fram. Han har ein muskelskade, som vi skal få undersøkt nærmare søndag, sa Solskjær,
Kampen blei innleia med kransnedlegging til minne om flyulykka i München for nøyaktig 63 år sidan, der åtte United-spelarar mista livet.