NRK Meny

Poengtap for Odd i Sarpsborg

Odd klarte berre 2-2 mot Sarpsborg i eliteserien laurdag, trass i at heimelaget måtte spele med 10 mann dei siste 20 minutta. Kjetil Berge og Alejandro Catsto scora for Sarpsborg, Jone Samuelsen og Herolind Shala for Odd. Sarpsborgs Tom Erik Breive vart utvist 20 minutt før slutt.

Siste nytt

  • To mål av Zahid

    Ghayas Zahid scora to mål då Apoel slo Ominia 3-1 i lokaloppgjeret i Nikosia på Kypros i kveld.

    Apoel ligg på fjerdeplass, 6 poeng bak leiande AEK Larnaca men med to kampar til gode.

    Ghayas Zahid
    Foto: FLORIAN CHOBLET / AFP
  • Alle norske kvalifisert

    Alle nordmennene er kvalifisert til opningsrennet i verdscupen i Wisla søndag. Robert Johansson på 10.-plass var best.

    – Dagen ber litt preg av at det er tidleg på sesongen og hopparane har masse å gå på, seier sportssjef Clas Brede Bråthen.

    Laurdag er det laghoppeing i Wisla. Forfang, Fannemel, Tande og Johansson er det norske laget.

  • Lorentzen vann igjen

    Håvard Holmefjord Lorentzen tok sin andre siger for dagen og knuste parkamerat Kai Verbij med 1.08,22. Verbij blei nr 2 med 1.08,47.

    Han vann 500 meter tidlegare i dag.

Sendeplan

Kl. Program Kanal