Poengglipp av Leicester
Leicester makta berre 1-1 mot Burnley, og missa sjansen til å innta andreplassen på tabellen.
Matej Vydra gav Burnley leiinga då han snappa opp eit tilbakespel etter berre 4 minutt. Leicester utlikna ved Kelechi Iheanacho på volley ein halv time seinare.
Leicester hadde initiativet, men greidde aldri å få sigersmålet. Begge lag hadde skot i stengene i andre omgang.
Dei er dermed framleis på tredjeplass bak dei to Manchester-klubbane. Burnley tok eit verdfullt poeng i kampen for å unngå nedrykk.
I ein annan kamp slo botnlaget Sheffield United Aston Villa 1-0, og tok sin fjerde siger for sesongen.