Hopp til innhold

Plutseleg blei det fleire skadar i hoppbakken – denne delen får skulda

KLINGENTHAL/OSLO (NRK): Talet på kneskadar i hoppsporten ser ut til å ha ein stor auke siste åra. NRK-ekspert meiner utstyret er bygd slik at risikoen for å skade seg er blitt mykje større.

En skisko med stag pluss Thomas Aasen Markeng etter fallet i Klingenthal.

STYGT FALL: Thomas Aasen Markeng fall stygt under eit hopprenn i Tyskland i går. NRK-ekspert meiner fella ligg i det skeive staget som du ser på biletet her.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK og NTB Scanpix

– For meg er det ganske enkelt. FIS må setje ned foten og forby dette, seier tidlegare skihoppar og NRK-ekspert Johan Remen Evensen.

Søndag fall den norske hopparen Thomas Aasen Markeng stygt i tyske Klingenthal og skada seg i kneet. Om det er nok eit korsband som er roke vil han få svar på etter MR-undersøkinga måndag kveld.

– Eg har ikkje sove så mykje i natt. Vart liggande å tenke og gruble. Det verste er om sesongen er over, men eg håpar ikkje det, seier 19-åringen til NRK.

I så tilfelle vil han skrive seg inn i statistikken over det mange meiner er ein skremmande vekst i talet på kneskadar i hoppsporten.

Anders Fannemel rauk korsbandet i sommar og har fått spolert heile sesongen. Daniel André Tande mista VM sist vinter som følgje av skade i kneet. Og i utlandet sitt fleire av dei fremste hopparane og må følgje sporten frå godstolen som følgje av korsband som har roke.

– Eg tørr å sei med hundre prosent sikkerheit at det er blitt fleire kneskadar i sporten, seier Evensen som får støtte av den norske hoppsjefen, Clas-Brede Bråthen.

Det skeive staget

Men så tilbake til det som Evensen meiner er årsaka til problema. I 2010 kom nemleg den sveitsiske skihopparen Simon Ammann til OL i Vancouver med ei nyvinning på skibindinga.

Han hadde nemleg bøygd staget på den bakre skibindingen. Det er dette staget som gjer at skiskoen kan bevege seg opp og ned. Resultatet vart to gullmedaljar i OL. Sidan den gong har alle hoppa med skeive stag.

Laster Giphy-innhold

– Utfordringa er at den er designa utelukkande for å gi flatare ski i lufta som gjer at du kan hoppe lengre. Problemet er i landinga. Då har du mykje utstyr som ikkje vil at leggen skal stå rett, men vil dra den inn mot midten, fortel Evensen.

Og det var akkurat det som skjedde under det skjebnesvangre hoppet til Aasen Markeng i går, som i verste fall kan setje han ut av spel det neste året.

– Da går skia ut og knea inn mot kvarandre i ein heilt unaturleg posisjon, og når man då får vridinga ut på sida, så ryk korsbandet. Det har vi sett alt for mykje av i det siste, seier Evensen.

Markeng og dei andre norske hopparane hadde som eit uttalt mål før denne sesongen å hoppe nettopp med flatare ski.

Veit ikkje om dette er årsaka

Og han får delvis støtte av den norske hoppsjefen om at eit forbod kan vere vegen å gå.

Hopp Damer, verdenscup Lillehammer

FLEIRE ÅRSAKER: Hoppsjef Clas Brede Bråthen seier at det kan vere fleire årsaker til auken på skader i hoppsporten.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

– Om dei skeive staga er årsaka eller ein del av årsaka, så er det einaste mogelege vegen å gå, seier Bråthen.

Han understrekar likevel at det i dag ikkje finst forsking som seier at dette er årsaka til auken i talet på skadar i dag. Og at skade i hoppsporten heng saman med både ski, bindingar, sko og ikkje minst prepareringa i bakken. Samt ein god del uflaks.

– Den internasjonale skifamilien må finne ut om det er fakta som underbygger den kjensla Johan har. Så vi må gå meir systematisk til verks først, seier hoppsjefen.

Avtroppande renndirektør i FIS, Walter Hofer, er samd med den norske hoppsjefen om at dette er noko forbundet og hans etterfølgjar, Sandro Pertile må ta tak i.

Walter Hofer

VIL VURDERE SITUASJONEN: Avtroppande rennsjef i FIS Walter Hofer seier dei vil analysere situasjonen før dei bestemmer seg for om det kan bli ei regelendring.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Ut frå dei hendingane vi har hatt i starten av vintersesongen vil vi samle inn data frå desse episodane. Her håpar vi å få svar på kva retning ei mogeleg regelendring i framtida skal ha, seier Hofer til NRK.

Evensen meiner eit slikt forbod er lite problematisk for hoppsporten, då det berre handlar om å ha rette stag, slik at hopparane ikkje får den unaturlege beinposisjonen i landingane.

– Det er enkelt. Om du ikkje har bøying på staget, så er det lett å kontrollere. Og når alle har det i dag, så er det ikkje lenger ein fordel.

Dei norske hopparane er sterkt prega etter å ha sett fallet til sin lagkompis i går. Daniel-André Tande meiner Evensen peikar på noko viktig.

– Eg er delvis samd med han. Men ein kan aldri skulde på ein faktor, men det har nok ei innverknad på det.

Hopp

UNATURLEG STILLING: Slik fungerer det skeive staget som no skaper debatt i hoppsporten.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal