Med Crystal Palaces kjøp av Alexander Sørloth frå FC Midtjylland seint onsdag kveld blant dei mange overgangane, slo klubbane ein rekord som har stått i sju år. 31. januar 2011 handla PL-klubbane for 135 millionar pund.
Sørloths overgangssum er ikkje stadfesta. Men ifølgje danske Ekstrabladet kan den kome opp i 170 millionar norske kroner.
Det er Deloitte' Sports Business Group – gjengitt i BBC – som melder dette, nokre timar etter at overgangsvindauget stengde.
Den gongen, i 2011, var det Liverpools transfer-aktivitet med sal av Fernando Torres og kjøp av Luis Suarez og Andy Carroll som drog opp totalsummen.
Trass i inflasjon i både kjøpesummar og tv-pengar har ikkje rekorden blitt slått. Før i går, då klubbane signerte for 150 millionar.
Knuste januar-rekorden
Deloittes liste fortel også at klubbane har brukt 430 millionar pund – nærmar 4,7 miliardar kroner – på spelarkjøp i januar. Den gamle rekorden på 225 millionar blei dermed knust. Også den er frå 2011.
Til samanlikning brukte klubbane berre 60 millionar pund i januar i fjor.
Pierre-Emerick Aubameyangs overgang frå Borussia Dortmund til Arsenal for 56 millionar pund var den største overgangen på januars siste dag. Han kosta meir enn dobbelt så mykje som Tottenham måtte betale Paris Saint-Germain for Lucas Moura, 23 millionar.
– Økonomisk forsvarleg
Men det er Liverpool som har gjort den dyraste handelen i januar. 75 millionar pund måtte dei ut med for Virgil van Dijk frå Southampton.
– Hovudårsaka til dei dyre kjøpa er den nye tv-avtalen, meiner Deloittes Dan Jones. Han er ein av partnerane i Deloitte's Sports Busness Group. Avtalen er verd 55 milliardar kroner.
– Det betyr at sjølv om klubbane sprengjer rekordar, held dei seg likevel godt innanfor det som er økonomisk forsvarleg.