Normal

Pettersen på veg tilbake som trenar

Tidlegare landslagssjef Gunnar Pettersen har inngått ei intensjonsavtale med Vipers Kristiansand om å bli deira nye trenar.

Gunnar Pettersen

Gunnar Pettersen har skrive under ei intensjonsavtale med Vipers Kristiansand.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

Vipers-trener Peder Langfeldt håper seieren mot Levanger blir et vendepunkt for laget.

Peder Langfeldt meiner at Pettersen er ein av dei beste trenarane i landet.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Gunnar er ein av dei aller beste trenarane vi har i landet, seier sportsleg leiar i Vipers Kristiansand, Peder Langfeldt til NRK.

NRK har ikkje lukkast med å komme i kontakt med Pettersen søndag, men til Fædrelandsvennen seier han følgjande:

– Eg er trigga av Vipers sine ambisjonar og eg har inngått ei intensjonsavtale med klubben, seier han.

– Vanvittig erfaring

Klubben har i lengre tid jobba med å finne ein ny trenar. For kort tid sidan gav noverande trenar Thomas Hørlyk beskjed om at han ikkje vil halde fram i klubben etter denne sesongen.

Peder Langfeldt trur Pettersen har mykje å tilføre Vipers-laget. Trenaren har mellom anna trent det norske herrelandslaget i to periodar.

– Han er ein veldig merittert trenar og har vanvittig bra erfaring. Han har mykje å lære bort, seier Langfeldt.

Men Vipers Kristiansand må oppfylle fleire krav som Pettersen har sett fram for at han skal skrive under med klubben.

Jaktar landslagsstjerner

Ifølgje Fædrelandsvennen har Pettersen gitt Vipers frist til rundt midten av mai til å sikre seg spelarane han er førespegla.

– Det er småting vi må oppfylle for at det skal bli ein realitet, men det føler eg vi har ei god moglegheit til å klare, seier Langfeldt.

Vipers Kristiansand har fleire spelarar på blokka. Tonje Nøstvold har allereie fått tilbod frå kristiansandsklubben. I tillegg jaktar dei Heidi Løke og Katrine Lunde, skriv Fædrelandsvennen.

– Slike ting held vi tett til brystet, seier Langfeldt til NRK.

Vipers Kristiansand har skuffa så langt denne sesongen. Klubben ligg heilt nede på 9. plass på tabellen etter åtte kampar.

Siste nytt

  • Kalla dropper Tour de Ski

    Charlotte Kalla har VM i Seefeld som sitt naturlige hovedmål til vinteren. Hun dropper derfor Tour de Ski og rene sprinthelger.

    – I de periodene vil jeg heller trene, sier Kalla til TT.

    Charlotte Kalla
    Foto: Ned Alley / NTB scanpix
  • Brann uten førstekeeperen

    Brann-målvakt Samuel Sahin-Radlinger må opereres. Han går dermed glipp av tre viktige seriekamper i gullinnspurten i Eliteserien. Det er noen løse fragmenter i kneet som skal fjernes, ifølge BA. 19 år gamle Markus Olsen Pettersen får sjansen istedet.

    Samuel Sahin-Radlinger
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • Espejord rekker ikke LSK-kampen

    Runar Espejord er tilbake i trening, men Tromsøs toppscorer rekker ikke mandagens kamp mot Lillestrøm. TILs toppscorer har slitt med lysken i lang tid. Ikke siden 25. august har Espejord vært på banen i kamp. Han står med seks mål i Eliteserien.

    Runar Espejord
    Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Europaligaen: Celtic - Rosenborg