NRK Meny
Normal

Petter Solbergs tommel sprakk: – Klart det er vondt, men eg er tøff

Petter Solbergs venstre tommel fekk seg ein stygg knekk i VM-runden i Tyskland sist helg. – Det skal ikkje hindre meg i å køyre fort, seier han.

Petter Solbergs tommer

TOMMELPROBLEM: Petter Solbergs tommel (t.h. i biletet) er tjukk og vond. - Men det hindrar meg ikkje i å køyre raskt, seier Solberg

Foto: Privat

– Klart det var vondt. Men eg er tøff, så dette skal nok gå bra, seier Solberg til NRK.

– Det kjem aldri til å hindre meg, om eg så hadde knekt begge beina, seier den tidlegare rally-verdsmeisteren og regjerande rallycross-verdsmeisteren.

Uhellet skjedde i den fjerde kvalifiseringsrunden i Hockenheim laurdag. Då fekk Solbergs tommel ein real trøkk.

– Motoren min rauk, og Sebastien Loeb køyrde inn i sida mi. Då fekk eg ein kjempetrøkk i tommelen, som sprakk. Men det fekk vi teipa, og då gjekk det fint, seier han.

Hjelp til å få på buksa

Men den sprukne tommelen skaper problem likevel. Han må ha hjelp til mange enkle ting som ikkje har med bilkøyring å gjere.

– Ein av mekanikarane må hjelpe meg med å få på meg buksa. Eg spurde han faktisk også då eg var på toalettet om han kunne kome og hjelpe meg. Men det gjekk ikkje, ler Petter Solberg.

Til helga er det ny VM-runde i rallycross, i Belgia. Der skal han ikkje trenge hjelp til å køyre fort.

– Eg er kanskje litt redusert, men det er alltid noko. Det er berre å gjere det beste ut av det. Det skal ikkje hindre meg i å køyre fort – eg har jo den andre handa.

Siste nytt

  • Verdensmester mister trolig OL

    Den slovenske alpinisten Ilka Štuhec har røket korsbåndet og mister trolig OL i Pyeongchang. Štuhec tok i fjor VM-gull i utfor og vant også utforcupen for kvinner.

    Laster Twitter-innhold
  • Hauger mester i Tyskland

    Motorsport-talentet Dennis Hauger (14) vant søndag det tyske mesterskapet i gokart. Han er den yngste vinneren gjennom tidene i mesterskapet som er går for å være det tøffeste og største i verden med fører fra et 20-talls nasjoner. Hauger er nå ferdig med gokart og tar steget opp til formelbil neste år.

    Dennis Hauger
    Foto: CRG

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Odd - Lillestrøm