Hopp til innhold

Scora sigersmålet på straffe: – Vi køyrde over dei i andre omgang

Ohi Omoijuanfos straffe avgjorde då Molde slo Dundalk 2-1 i Dublin.

Erling Knudtzon

STRAFFE: Her blir Erling Knudtzon felt av Dundalks Sean Gannom, og straffesparket gav Molde sigeren

Foto: Bryan Keane/inpho / NTB

Laster innhold, vennligst vent..

– Det smakte godt med tre viktige poeng. Vi kom under og var ikkje veldig bra i første omgang. Men i andre omgang køyrde vi over dei. Dei fekk litt trykk på slutten, men det er naturleg når vi skal halde på leiinga, sa matchvinner Ohi til TV 2.

Molde var favoritt mot Dundalk, som til overmål måtte spele heimekampen i Dublin, åtte mil heimenfrå.

Dei starta med det same laget som slo Bodø/Glimt 4-2 i serien søndag. Men det skulle ein ikkje tru i første omgang.

– Dei var veldig dårlege før pause, men heva seg stort i andre omgang og slo oppskriftsmessig eit lag dei skal slå, sa Erik Huseklepp i TV 2s studio.

Slik scora Molde (video med løyve frå TV 2 Zebra):

Tafatt før pause

Molde låg nemleg under ved pause etter ein nokså tafatt første omgang. Dei skapte lite, og slapp også Dundalk til ein gong for mykje.

Sean Murray fekk stå heilt åleine og stange innlegget frå John Mountney i nettet ti minutt før pausen.

Trenar Erling Moe sa nok klart frå i pausen kva han meinte om Molde-spelet. Det hjelpte godt.

– Var feige i første omgang

– Eg var langt frå nøgd med første omgang. Vi syntest ikkje at vi fann noko rytme, vi var feige og sleppte ballen tilbake, sjølv om romma var der. I andre omgang er eg meir nøgd, sa Molde-trenaren.

Ohi Omoijuanfo scorer på straffe

SIGERSMÅLET: Ohi Omoijuanfo set straffen i mål og gir Molde sigeren

Foto: Paul Faith / AFP

Det var eit heilt nytt Molde-lag som kom utpå i 2. omgang. Dei sette opp farten, og i periodar var det reine kanonadar mot 39 år gamle Gary Rogers i Dundalk-målet og hans forsvarskameratar. Molde dominerte totalt.

Det måtte gi resultat, og gjorde det etter 63 minutt. Marcus Holmgren Pedersen la inn, og Etzaz Hussain smelte ballen i mål med venstrebeinet.

Ni minutt etterpå blei innbytar Erling Knudtzon felt, og straffesparket var klokkeklart.

– Klaraste straffen på europaligaens første kveld, det er eg sikker på, meinte NRKs radiokommetator Olav Traaen.

Ohi Omoijuanfo plasserte ballen lågt og hardt inne ved stolpen. Keeper kasta seg rett veg, men var sjanselaus likevel.

Matchvinnaren måtte av bana

Den første halvtimen av andre omgang spela Molde god fotball. Etter at snuopersjonen var over, trekte dei tilbake for å sikre dei tre poenga. Det heldt, men Dundalk var farleg nær scoring mot slutten av dei seks-sju tilleggsminutta.

Matchvinnar Ohi Omoijuanfo blei skadd og måtte gå ut heilt mot slutten av kampen.

I den andre kampen i gruppa låg også Arsenal under mot Rapid Wien, men vann til slutt 2-1. Molde møter Rapid heime i Molde i neste kamp 29. oktober og Arsenal borte 5. november.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal