NRK Meny
Normal

Endeleg fullt hus etter 1401 dagar med venting

RUHPOLDING/OSLO (NRK.no): Frå start til slutt gjennomførte Emil Hegle Svendsen ein perfekt jaktstart. Etter fjerde skyting snudde han seg til publikum og brølte høgt i pur glede.

Det var nemleg første gong trønderen skaut fullt hus på 1401 dagar. Sist det skjedde var 13. mars 2010, då på sprinten i Kontiolahti, Finland.

Emil Hegle Svendsen

Så glad var Emil Hegle Svendsen etter at dei fire siste blinkane hadde blitt skutt kvite.

Foto: CHRISTOF STACHE / Afp

– Det var herleg å skyte null igjen, det var på tide, slo ein lukkeleg Hegle Svendsen fast til NRK etter løpet.

– Men eg er nesten overraska sjølv at dagen i dag blei så bra etter den knallharde gårsdagen. Langrennsforma var nesten betre i dag, og det er overraskande etter at eg var så langt nede i kjellaren i går, sa han òg.

Laurdag blei verdscupsiger nummer 34. sikra for Emil Hegle Svendsen. Då blei det éin bom og etter å ha starta litt for hardt blei siste runde knallhard. Etter løpet var han skremmande sliten.

Siger blei det derimot, og på jaktstarten søndag gjekk han ut i einsam majestet med to russarar jagande bak 10 sekund bak. Med både god fysisk form og gode ski på plass, ville skytinga bli gjeldande.

– Ikkje tenk, ikkje tenk, ikkje tenk

– 15 treff! Han manglar berre fem, så er dette eit perfekt løp. Og då slår ingen Emil, sa NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith etter tredje skyting.

Tre fulle hus, men framleis var konkurrentane ikkje så veldig langt bak. Hegle Svendsen gjekk lynraskt og auka i sporet, men hadde likevel presset på seg før siste skyting.

Så: Éin blink ned, to nede, tre nede ... kommentator Stabrun Smith brølte så:

– Ikkje tenk, ikkje tenk, ikkje tenk ... Åååå, 1401 er ute! Han gjer det, endeleg Emil Hegle Svendsen. For ein fantastisk dag, for ein fantastisk idrettsmann!

Det var altså første gang Hegle Svendsen skaut 20 av 20 blinkar rett ned i ein individuell konkurranse på 1401 dagar.

– Mange skyt så bra bak der at eg nesten måtte gjere det for å vinne, fortel vinnaren lett humoristisk etter løpet.

Saka held fram under videoen.

Tarjei Bø

Tarjei Bø gjekk lynraskt og skaut perfekt. Då var det litt kjipt at utgangspunktet ikkje var like bra som løpet.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Like supert av Bø

Hegle Svendsen gjekk eit nær perfekt løp, men det gjorde verkeleg eldstebror Bø også.

Tarjei Bø bomma fire gonger laurdag og starta som nummer 37 - 1,37 sekund bak lagkameraten i front.

Etter fire skytingar stod også Bø igjen med 20 av 20 treff. I løypa gjekk det lynraskt, og Bø enda på sjetteplass - 30,6 sekund bak Hegle Svendsen.

– Det var ei herleg oppleving. 20 treff er sjeldan vare. Eg var så revansjesugen frå i går, så eg ville ut og vise at eg var litt sjef eg òg, sa Bø etter løpet.

– Viser at vi kan

Johannes Thingnes Bø var raskast av alle i sporet, men med seks bom blei det berre 18. plass. Henrik L'Abée-Lund blei nummer 37.

Det var uansett dei to med 20 av 20 treff som var i fokus.

– Vi føler at vi er gode skiskyttarar, men vi føler det er på skytebanen vi har mest å hente. Ski kan vi. Vi skyt jamt over litt for dårleg, men i dag viser vi at vi kan, meiner Tarjei Bø.

Tarjei Bø gikk fantastisk under dagens jaktstart.
Tjue treff og en av de desidert raskeste i sporet - Bø var meget godt fornøyd etter rennet.
Intervju: Dag Erik Pedersen

Tarjei Bø var godt fornøgd med løpet sitt.

Siste nytt

  • Moyes tok sitt første poeng

    I sitt andre forsøk etter at han ble ansatt som manager, maktet David Moyes å lede West Ham til poeng. Fredag spilte laget 1-1 hjemme mot Leicester. Marc Albrighton og Cheikhou Kouyaté sto for scoringene.

    Moyes
    Foto: Ian Kington / AFP
  • Turvoll Fossli reiser hjem

    Sondre Turvoll Fossli reiser hjem fra Ruka etter å ha kommet på sjetteplass under fredagens langrennssprint, skriver NTB. Fossli endte på sjetteplass i finaleheatet, men reiser nå hjem for å forberede seg til verdenscupen på Lillehammer.

    Verdenscup ski nordiske grener
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Sveits vant mot Norge

    Sveits vant bronse i curling-EM etter å ha slått Norge 6-5 i fredagens kamp. I finalen i morgen møtes Sverige og Skottland.

    Thomas Ulsrud
    Foto: Jon Eeg / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup kombinert, hopp
Vinterstudio
V-cup kombinert: Hopp
V-cup langrenn
Vinterstudio
V-cup langrenn: 10 km klassisk, kvinner
Vinterstudio
V-cup, langrenn
V-cup langrenn: 15 km klassisk, menn
Vinterstudio
V-cup: kombinert, langrenn