Høgmo hadde berre godt å seie om det norske landslaget, som han sjølv leia i drygt tre år, frå september 2013 til november 2016.
– Dette laget her er i ferd med å vekse, seier Høgmo.
Høgmo meiner alle dei norske spelarane var gode mot Spania, men han dreg fram Kristoffer Ajer i forsvaret.
– Han hadde stor løpsstyrke, og rydda opp i fleire småkritiske situasjonar. På midten styrte Sander Berge meir og meir utover i kampen. Så har vi sjølvsagt Martin (Ødegaard), og i tillegg var Josh (King) eit trugsmål heile vegen.
Omar Elabdellaoui, som skaffa straffespark, er også speleklar igjen til Romania-kampen. Elabdellaoui var medvitslaus nokre sekund etter å ha kasta seg med hovudet først inn i duellen som enda med norsk straffespark på overtid.
– Han gjorde som han skulle; stakk hovudet inn i sementblandaren, sa Lagerbäck på pressekonferansen søndag.
– ??
– Ja, vi har ein video som vi brukar som trigger. Den viser ein mann som stikk hovudet i ein sementblandar, sa Lagerbäck.
Han kan også gle seg over at Omar Elabdellaoui er klar. Han var medvitslaus nokre sekund etter å ha kasta seg med hovudet først inn i duellen som enda med norsk straffespark på overtid.
– Han gjorde som han skulle; stakk hovudet inn i sementblandaren, sa Lagerbäck.
Frå fullsett Ullevaal til tomme tribunar
Noreg møter Romania borte tysdag. Den kampen går for tomme tribunar. Landslagssjef Lars Lagerbäck trur ikkje det har noko vesentleg betydning for Noreg.
– Det måtte vere at det kan bli lettare å kommunisere med spelarane. Det er det vanlegvis ikkje med fulle tribunar, sa Lagerbäck.
– Men Romania mister mykje støtte, la han til.
Han var svært godt nøgd med kampen, og ikkje minst med publikum.
– Det var ikkje berre det at det var fullsett, dei auka trykket enormt også.
– Spania er alltid eitt av dei vanskelegaste laga du kan spele mot, fordi dei er ekstremt dyktige i pasningsspelet. Likevel greier vi å skape mange halvsjansar. Dette var utruleg bra, meiner landslagssjefen.
Spansk misnøye
Om Lagerbäck er nøgd med det norske laget, er spanske media misnøgd med sitt lag. Men Robert Morenos mannskap får ikkje slakt. Avisene ser i staden fram mot å spikre EM-plassen i Sverige tysdag.
– Vi må telje til tre og ta til å tenke på Sverige, skriv Hector Martinez i sportsavisa AS.
– Det var ein grå kamp av dei raude («les rojas»), skriv TVE.
Martinez er ikkje nøgd med at Spania let Noreg vekse seg inn i kampen og dominere, i alle fall ikkje etter at Spania hadde teke leiinga.
– Det spanske spelet var altfor lett å lese, skriv AS.
Marca let seg heller ikkje hisse opp trass i Spanias første poengtap i kvalifiseringa, men er ikkje nøgd med det Robert Morenos lag presterte.
– Det som verka enkelt, blei komplisert. Med elleve spelarar frå elleve ulike klubbar starta det godt, men sovna, skriv Marca-kommentator José Luis Hurtado.
– Noreg var hissigare enn Spania, slår han fast.
Storavisa El Pais slår kort og godt fast at Spania ikkje fortente å sikre seg EM-billetten etter kampen som avisa kallar rotete frå spansk side.