Hopp til innhold

Pellegrino om rasismeutsett 12-åring: – Han skal få ein god ven i meg

På fredag fekk me høyre om ein 12-åring som opplevde rasisme under ein fotballkamp. No ønsker Amahl Pellegrino at dei skal bli vener.

Eliteserien i fotball 2019. Kristiansund - Mjøndalen (4-0).

TAR KONTAKT: Amahl Pellegrino skal no ta kontakt med 12-åringen som opplevde rasisme under ein fotballkamp.

Foto: Ned Alley / NTB

På fredag fortalde leiaren for barnefotballen i Grorud IL, Vilde Mollestad Rislaa, om at ein av hennar spelarar stod på banen og grein etter kampen. 12-åringen hadde opplevd rasisme under ein bortekamp på Oslo vest.

Den historia sette spor hos Kristiansund-spelar Amahl Pellegrino. På laurdag skreiv han på Twitter at han ønskte å kome i kontakt med guten.

Laster Twitter-innhold

– Eg har vore der sjølv

Mollestad Rislaa høyrde med familien til guten, og dei blei einige om å gi telefonnummeret til Pellegrino.

– Han har vore gjennom det same, og har ein annan bakgrunn enn det eg har. Så det å prate med ein som har vore der, og har erfaringar med det, er kjempeviktig. Så eg var veldig positiv til at han ønska å få kontakt med guten, seier Mollestad Rislaa.

Vilde Mollestad Rislaa

POSITIV: Vilde Mollestad Rislaa blei glad for å sjå at Pellegrino ville ta kontakt med guten.

Foto: Harald Thingnes / NRK

– Eg veit korleis det er. Eg har vore der sjølv. Da eg las den saka fekk eg veldig vondt. Eg tenker at viss ein samtale med meg kan hjelpe, så er det, det minste eg kan gjere, seier Pellegrino.

Han spelte i kveld kamp mot Bodø/Glimt. Kristiansund tapa kampen, men som så mange gonger før denne sesongen kom Pellegrino på skåringslista. Toppskåraren har no 20 mål i Eliteserien.

Eliteserien fotball 2020, Kristiansund - Bodø/Glimt.

TOPPSKÅRAR: Amahl Pellegrino fekk sitt 20. mål for sesongen i kampen mot Bodø/Glimt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Han har vore gjennom ein tøff månad no, med mykje utanomsportsleg fokus, og har kome styrkt ut av det. Han viser meir og meir no. Han har vore litt nede, av naturlege årsaker, så skal me bygge han opp sånn at han får ein forrykande avslutning på sesongen, seier Michelsen til NRK.

For han opplevde tidlegare i oktober at ein tilskodar kalla han ape. No ser han fram til å bli kjent med den unge guten frå Grorud i Oslo. Han fortalde til NRK at han skulle ringe til guten etter kveldens kamp.

– Han skal få ein god ven i Amahl Pellegrino, også kan me drøfte alt frå kvardagslege vonde ting og gode ting og fotballråd. Eg er der for han. Det skal bli hyggeleg å bli kjent med ein ny gut, seier Kristiansund-spelaren.

– Han blei veldig glad da han fekk vite at Pellegrino skulle ta kontakt, seier Mollestad Rislaa.

Djupt takknemleg

Det har vore fleire rasismeepisodar i norsk fotball den siste tida. Det har ført til sterke reaksjonar, og idretten har starta Stopp-kampanjen.

– Eg er djupt takknemleg for fellesskapet og måten me overvinn urett saman. Sjølvsagt kjem det alltid til å vere klovnar som prøver å trykke deg enda lengre ned når sånne ting skjer, men det er 0,3 prosent. Resten av dei 99,7 prosentane er fantastiske menneske som bygger deg opp og har lyst til å gjere verda til ein betre plass. Eg er takknemleg og stolt av å vere ein del av fotball-Norge, seier Pellegrino.

Kristiansund-trenar Christian Michelsen er glad for at spelaren hans står opp mot rasisme.

Eliteserien fotball 2020, Aalesund - Kristiansund (1-2)

TRØYST: Christian Michelsen måtte trøyste Pellegrino da han opplevde rasistiske tilrop i kampen mot Aalesund.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Det er eine og aleine positivt, sjølvsagt. Han har erfaring, han er blitt 30 år, så han veit kva det går i. Det er ikkje første gongen han opplever det. Det forbildet han sannsynlegvis er for mange unge, det han kan tilføre dei, gi dei gode råd, stå i det. Det er heilt sikkert ein 12-åring i Oslo som gler seg til det møtet med Pelle, seier Michelsen.

– Min intensjon er at den yngre generasjonen skal få det betre enn det eg hadde det. Så får det vere eit steg, så får me jobbe samla om at all urett skal bli borte. Det gjeld ikkje berre rasisme. Me må jobbe samla om at all urett skal bli borte. Det gjeld ikkje berre rasisme, det gjeld all slags diskriminering, avsluttar Pellegrino.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal