Pellegrino ferdig i Saudi-Arabia
Amahl Pellegrino (31) har spelt sin siste kamp i Saudi-Arabia og ser ikkje bort frå ein retur til norsk fotball.
– Eg kan stadfeste at eg er ferdig i Saudi-Arabia. Vi vart samde om å avslutte samarbeidet, så avtalen er terminert, seier Pellegrino til Dagbladet.
Opphaldet i Damac varte i litt over seks månader. Han enda opp med seks skåringar og var med på å hindre nedrykk frå toppdivisjonen.
– Det er sportslege grunnar som gjer at eg har valt å terminere avtalen. Eg orkar eigentleg ikkje å gå noko meir inn på det. Dette er ting eg har snakka om før, seier Pellegrino.
Han spelte i Kristiansund før han drog utanlands.