- Korleis trur du duellen mellom Andy Schleck og Cadel Evans ender i dag? Diskutér nedst i saka!
Det kan bli tungt på dagen etter den store Schleck-triumfen på 18. etappe. Der gjekk Leopard-Trek-ryttaren aleine i brot 60 kilometer før mål og pressa både seg sjølv og dei jagande rivalane til målgang i Galibier.
Støyten snudde om på samanlagtlista og sende Schleck 57 sekund foran hovudutfordrar Cadel Evans.
- SJÅ: Alt om Tour de France i stor grafikk her!
- LES OGSÅ: Schleck: – I dag viste jeg at jeg mener alvor
– Blir halsbrekkande om dei er likt
Men forspranget er ikkje nok, meiner Dag Erik Pedersen.
For etter rittets siste fjelletappe i dag ventar den avgjerande tempo-etappen i morgon. Der er Evans hakket kvassare enn Luxembourgs store håp.
– Eg trur Schlecks magiske klokke i hovudet er 1 minutt og 30 sekund. Det er tida han må ha på Evans før han startar tempoen, seier Pedersen.
- LES OGSÅ: Ekspertene setter pengene på Evans
Eit raskt dykk i resultatlistene frå tidlegare Tour de France-ritt viser at Schleck også kan klare seg med 57 sekunds leiing.
I 2009 var han bare 30 sekund bak Cadel Evans etter den 40,5 kilometer lange tempoetappen mot slutten av rittet.
– Vi skal ikkje avskrive Andy Schleck om leiinga fortsatt er 57 sekund i morgon, men då veit han at dette blir ein halsbrekkande etappe som ikkje blir avgjort før målstreken er passert. Eg trur det er risikosport å gå laus på det forspranget og tru at han skal vinne Tour de France, seier Pedersen.
- Sjå alle tempoduellane mellom Cadel Evans og Andy Schleck i Tour de France sidan 2008 nedst i artikkelen.
Schleck: – Betre på tempo siste året
Andy Schleck skal vere betre førebudd enn nokon gong til å takla ein tempoetappe i Tour de France. For tidlegare har han slitt tungt mot dei beste i kategorien.
– Alle veit at dei svake sidene mine er temporitt og unnabakkar i regn, seier Schleck i dokumentaren «Andy Schleck: Min Tour».
Det siste året har han endra sitjestilling, testa seg hyppig i både vindtunnel og velodrom.
– Eg er nøgd med den nye sitjestillinga. Den har gjort meg til ein betre temporyttar, seier Schleck.
Men resultata frå tempoane i Tour de France dei siste åra viser at han trass i god utvikling har vore ujamn.
– Eg har trent mykje i treningsstudio og er sterk i beina, men får ikkje alltid overført krafta til pedalane i temporitt, seier Schleck.
Blir av dei store duellane i historia
På dagens etappe vil det som vanleg vere stor merksemd rundt avslutninga opp Alpe d' Huez. Der ventar som vanleg eit folkehav på godt over ein million menneske på ryttarane.
– Alt skal avgjerast i dag. Arrangøren kunne ikkje fått det noko betre med tanke på situasjonen i samandraget før etappen. Dette blir er ein enorm sykkelfest, seier Pedersen oppstemt.
Og den store duellen mellom Schleck og Evans vil nok bli hugsa i lang tid framover.
– Eg trur kampen mellom Schleck og Evans blir ein av dei største i Tour de France-historia, meiner Pedersen.
– Glad eg ikkje har Andys bein
Skal Schleck komme godt ut av kampen vil han måtte gjere følgande, trur NRKs sykkelekspert:
– Han må gå gå fire kilometer før mål. I den fryktlause sistebakken må Andy «time» angrepet sitt slik at det blir eitt eller to forsøk. I tillegg må han gjere som i går og køyre på til målstreken, ikkje snu seg og lure på kor Evans er.
– Eg er glad eg ikkje har Andys bein etter etappen i går. Men det held om han er 25-30 sekund foran. Då er han på trygg grunn, seier Pedersen.
Tour de France 2010:
Prolog - 8.9 kilometer:
- 1. Fabian Cancellara
- 23. Cadel Evans + 00:39
- 122. Andy Schleck + 01:09
30 sekund i favør Evans
Tempo - 19. etappe - 52 km:
- 1. Fabian Cancellara
- 44. Andy Schleck +06:14
- 166. Cadel Evans +10:57
04:43 i favør Andy Schleck (Evans tidleg ute av samandraget og køyrde ikkje for siger på tempoen).
Tour de France 2009:
Prolog - 15,5 km:
- 1. Fabian Cancellara
- 5. Cadel Evans + 00:23
- 18. Andy Schleck + 01:00
37 sek. i favør Evans.
Tempo - 18. etappe - 40.5 km:
- 1. Alberto Contador
- 12. Cadel Evans + 1:14
- 21. Andy Schleck + 1:44
30 sek. i favør Evans.
Tour de France 2008:
Tempo - 4. etappe - 29,5 km:
- 1. Stefan Schumacher
- 4. Cadel Evans + 00:27
- 20. Andy Schleck + 01:29
1:02 sek i favør Evans.
Tempo - 20. etappe - 53 km:
- 1. Stefan Schumacher
- 7. Cadel Evans + 02:05
- 30. Andy Schleck + 04:02
01:57 sek i favør Evans.