NRK Meny
Normal

Sverre Lunde Pedersen: – I kveld kan det bli rekordar

Sverre Lunde Pedersen trur på verdsrekordar på rekordisen i Calgary i kveld. Der skal han møte sjølvaste Sven Kramer i siste par på 5000-meteren.

Sverre Lunde Pedersen

TRUR PÅ REKORD: Sverre Lunde Pedersen håpar på ein plass på pallen og ei knalltid på rekordisen i Calgary

Foto: Jens Meyer / Ap

Sjå verdscupopninga her frå klokka 21.55 i kveld.

Og han meiner det er på tide å ta livet av den norske rekorden.

– Ja, det er på tide at den blir slått no, seier han til NRK om Håvard Bøkkos 6.09,94 frå Salt Lake City i mars 2009. Det er seks og eit halvt år sidan.

– Iallfall hadde det vore hyggeleg å kome under 6.10, seier Pedersen. Hans personlege rekord er på 6.10,47.

No ønskjer han å kjempe i toppen på 1500 og 5000 meter. – Eg håpar å halde fram der eg slapp i fjor, og er betre no enn på same tid i fjor, seier Sverre Lunde Pedersen.

Testane før sesongen tyder på at han er endå betre trent enn i fjor.

Det viste han også med glans på testløpa i den kanadiske byen sist helg, med 3.34,27 på 3000 m. Det er over tre sekund under Eskil Erviks offisielle verdsrekord.

– Det var vel ikkje berre den raske isen som var årsak til det?

– Nei, det viser at formen er bra og at eg har teke nye steg. Det ser bra ut, seier han beskjedent.

Skal vere i toppform til meisterskapa

Han er spent på 5000-meteren i kveld.

– Då får eg sjå kvar eg står i forhold til dei andre. Det er alltid eit spenningsmoment i det første stemnet, seier han.

– Eg går ofte betre utover i sesongen. Det er til meisterskapa etter jul at toppformen skal vere der. Men eg har lyst til å vere i god form også i verdscupen før jul, seier Pedersen..

Og Sverre Lunde Pedersen ser også mot pallen i kveld.

– Er tida inne for siger?

– Ein skal aldri seie aldri, men det blir vanskeleg. Bergsma og Kramer er framleis favorittar. Eg held ein knapp på dei, men håpar å kunne utfordre. Og i sesongens første løp kan det kome overraskingar.

– Trur du på verdsrekordar denne helga?

– Det kan fort bli verdsrekordar på fleire distansar her eller i Salt Lake City neste helg, seier han.

Siste nytt

  • Eckhoff dropper fellesstarten

    Tiril Eckhoff står over søndagens fellesstart i skiskyting på Sjusjøen. – Hun sparer seg til verdenscupåpningen fordi hun har vært syk i oppladningen til sesongen, og fikk ikke deltatt på den siste samlinga i Trysil, sier idrettssjef Per Arne Botnan.

    Tiril Eckhoff blir filmet av NRK
    Foto: Anders Rove Bentsen / NRK
  • Northug har friskmeldt seg

    Petter Northug har friskmeldt seg selv og er tilbake i lett trening, opplyser trener Stig Rune Kveen til NRK. – Petter føler seg muskulært og kroppslig klar for skirenn, sier Kveen. Det er uklart om Northug blir tatt ut til verdenscuprennene i Ruka.

    Northug
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sesongstart skiskyting: fellesstart kvinner
Sesongstart skiskyting: Fellesstart kvinner
NM kombinert: 10 km langrenn
Sesongstart skiskyting: Fellesstart kvinner
NM kombinert: 10 km langrenn
Sesongstart langrenn: 10 km fri teknikk, kvinner
Langrenn: 10 km fri teknikk kvinner
Sesongstart langrenn: 10 km fri teknikk, kvinner
V-cup skøyter: 5000 m kvinner
V-cup skøyter
Vinterstudio