Inn på oppløpssida låg Pedersen framfor sin makker Ted-Jan Bloemen. Men Bloemen hadde størst fart, og var ein knøttliten skøytespiss først over målstreken. To små tusendelar skilde.
– Ein dustete regel som aldri skulle vore der, sa NRK-kommentator Even Wetten om å avgjere på tusendelar.
– Hadde smakt med sølv
Pedersen sjølv var i godt humør trass det uvanleg knappe nederlaget.
– Nei, dette er eg godt nøgd med. Medalje var målet, seier han til NRK.
Sjå biletspel frå innspurten her.
Men han syntest det var litt surt å bli slått med to fattige tusendelar.
– Eg blei litt forbanna med det same, for eg frykta at det skulle bli fjerdeplass. Men når det blei medalje, er eg letta og glad.
– Dert er nesten umogeleg å skilje to tusendelar, men slik er det. Eg får ikkje gjort stort me det. Mange meiner at det bør gjerast noko med den regelen, men akkurat no har ikkje det så mykje å seie. Sjølv om det hadde smakt godt med ein sølvmedalje, seier Sverre Lunde Pedersen.
Let seg ikkje stresse av Bloemen
Bloemen la friskt i veg og leia med over eit sekund tidleg i løpet. Det resulterte mellom anna i at Pedersen nesten skapte kollisjon då han pressa seg framfor Bloemen i vekslinga. Det kunne gitt grunnlag for protest.
Men Pedersen let seg ikkje stresse, tok kanadiaren igjen, og såg ut til å gå mot klar siger. Då klokka ringde, leia nordmannen med nesten ni tideler.
Men Bloemens sisterunde var sterk. Han tok innpå oppover heile oppløpssida, og passerte nordmannen nokre centimeter før målstreken. Tidene 6.11,616 og 6.11,618 var klart best då to par stod att.
– Eg har blitt flinkare til å kjenne på kroppen, seier han om årsaka til framgangen han har hatt denne sesongen.
– No ventar 1500-meteren. Blir det medalje der?
– Det blir spennande å sjå. Men det kjem til å gå styggfort.
Stolt far
Sverres far, tidlegare landslagstrenar Jarle Pedersen, sleppte gledestårene laus då medaljen var sikra. Han sat heime på Os og såg på.
– Det var tøft. Eg hadde høg puls og sveitta i hendene gjennom heile løpet, seier han. Eg er stolt.
Om tusendelane som skilde frå sølvet har seier han dette:
– Det er så lite at dei ikkje er mogeleg å forestille seg. Det var surt når han leia heilt til målstreken. Men det hadde vore langt surare om det var gullet som rauk. Når det blei slik, er eg veldig glad for at han tok bronsen, seier Jarle Pedersen.
Også fleire familiemedlemer synest det var tøft å følgje løpet.
– Det var heilt vanvittig spennande. Ein medalje er fantastisk, sa kjærasten Ingunn Tradal.
– Det har vore ei emosjonell berg- og dalbane, og ulideleg spennande, seier bror Eirik Lunde Pedersen.
Kramers tredje strake
Favoritten Sven Kramer i paret etter var i føringa heile tida, og tok gullet med 6.09,76, ny olympisk rekord, og Kramers tredje olympiske gull på rad på denne distansen.
Simen Spieler Nilsen gjekk eit godt disponert løp og blei nr. 13 med 6.18,39. Håvard Bøkko var prega av ankelskaden han fekk på trening for nokre dagar sidan, og blei nr. 18 med 6.24,80.
– Kjende meg som ein 70-åring
– Det var veldig keitete. Eg kjende meg som ein 70-åring utpå der, seier Bøkko. – Det var så vidt eg fekk på meg skøytene. Eg har ikkje fått noko hard gjennomkøyring tidlegare i veka.
– No må eg få tilbake farten i beina og vere med på lagtempoen, dersom eg får sjansen.