Frå og med 2024/25-sesongen får ikkje lenger ikkje-nederlandske skøyteløparar gå for dei største nederlandske privatlaga.
Samtidig vil dei dermed ikkje få tilgang på dei beste treningstidene i storstova til skøytesporten, Thialf i Heerenveen. Dei er reserverte for dei beste laga, der altså dei beste løparane ikkje lenger kan få ein plass.
Det skriv mellom anna den nederlandske rikskringkastaren NOS, som omtaler kritikken som har komme i kjølvatnet for eit opprør.
Dei beste treningstidene vil heller ikkje dei norske løparane ha tilgang på. I Noreg er alle dei beste skøyteløparane ein del av landslagsstrukturen, medan dei i Nederland er spreidde rundt på ulike privatlag.
– Når vi kjem til Nederland, med mindre det er ei veke før verdscup og det då blir internasjonale treningstider, så blir vi tildelte heilt ræva treningstider. Dei hersar eigentleg litt rundt med oss, meiner Peder Kongshaug.
REAGERER: Skøyteprofil Peder Kongshaug.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTBNordmannen var ein del av det norske laget som vann OL-gull på lagtempo i 2022. Han meiner det i andre land blir lagt til rette, men hevdar at dei får heilt andre føresetnader i Thialf.
– Det er litt provoserande å sjå, til dømes før VM (i mars), så hadde dei istid frå ni til tolv. Då var det eitt eller to profflag som dulta rundt. Folk som ikkje eingong skulle gå VM. Så kom vi etterpå og dei skrur av lysa i hallane og vi må gå med stappfull is med alle internasjonale lag. Då blir ein jo litt provosert, seier han.
NRK har prøvd å få ein kommentar på kritikken frå det nederlandske skøyteforbundet, men har førebels ikkje fått svar.
Frå 23 til 12 OL-medaljar på åtte år
Det er løparar som er anten topp åtte i verda eller topp fire i Europa som ikkje får lov til å vere ein del av dei nederlandske topplaga frå 1. mai 2024.
Utøvarar frå utanfor EU skal ifølgje NOS ekskluderast heilt.
Frå Nederlands side er grunngivinga at dei ønskjer å fokusere på å utvikle utøvarar frå eigen nasjon.
– Til sjuande og sist gjer vi dette med eit klart mål: Å få så mange medaljar som mogleg for Nederland, seier de Wit til Schaatsen.nl.
Nederland hadde eit ellevilt OL i 2014, der dei tok åtte gull og totalt 23 medaljar. Dei nederlandske utøvarane tok då minst éin medalje i alle dei tolv øvingane. I 2018 og 2022, begge meisterskapar med 14 øvingar, vart det høvesvis sju og seks gull, men «berre» 16 og 12 medaljar totalt.
NEDERLANDSK DOMINANS: Dei nederlandske forbundet vil ha fleire slike bilete i 2026. Her etter 3000-meteren i 2018. Frå venstre: Ireen Wust, Carlijn Achtereekte og Antoinette de Jong (no Antoinette Rijpma-de Jong).
Foto: John Locher / APDet er ein trend Nederland no ønskjer å snu.
– Dei er jo kyniske og opptekne av at dei skal vere den beste nasjonen. Det verkar logisk for deira del for å halde fram med å vere best, men det er veldig synd for idrettens del. I alle fall når det er ein sport som er dominert av dei, seier Kongshaug.
– Eg synest det er heilt feil veg å gå. Dei slit på same måte som Noreg slit med langrenn. Det blir for dominert av éin nasjon, og så er sporten kjempepopulær i den nasjonen, seier nordmannen.
Kan vere i strid med EU-regelverk
Team Albert Heijn-Zaaland er blant laga som vil inkluderast av dei nye tiltaka og lagleiar Jos Vaessen reagerer kraftig.
– Dette er eit trongsyn som ikkje passar i den nederlandske idrettsverda, seier han til NOS.
Eit anna lag er Team IKO. Dei har belgiske Bart Swings, som tok OL-gull på fellesstart i 2022 og VM-gull på same øving i VM i år, og estiske Marten Liiv, som tok bronse i sprint-EM i år, i stallen.
– Eg synest det er veldig kortsiktig tenkt. Eg skjønner at Nederland bruker mykje pengar på skøyting, men eg meiner at eg kan bidra som belgiar og lagkamerat. Utanlandske skøyteløparar gjer nederlendarane betre, seier Swings til NOS, og legg til at han «er sjokkert» over standpunktet til det nederlandske forbundet.
blir RAMMA: Bart Swings kan måtte finne seg eit nytt lag frå 2024.
Foto: PIROSCHKA VAN DE WOUW / ReutersAdvokatar som både NOS og belgiske Sporza har snakka med, meiner endringane vil vere i strid med regelverket om fri flyt av arbeidskraft i EU.
– Det nederlandske skøyteforbundet kan sjølvsagt ikkje berre forby utanlandske løparar å gå for nederlandske lag, seier arbeidsrettsadvokaten Sven Demeulemeester til Sporza.
Wiklund: – Stor ulempe
Ragne Wiklund var blant dei som verkeleg utfordra den nederlandske dominansen i vinter, med eitt gull og to sølv frå VM i enkeltdistansar og sølv i allround-EM.
– Eg tenkjer at det er ein veldig fin intensjon at det nederlandske forbundet ønskjer å utvikle sine eigne løparar. Men at tilnærminga til dette ikkje burde trenge gå ut over løparar frå andre nasjonar. Vidare synest eg det er synd at toppløparar frå andre nasjonar ikkje skal få tilgang til å trene på dei beste forholda, då ikkje alle nasjonar har tilgang til dette (oss inkludert), skriv ho i ei melding til NRK.
– For meg personleg har det vore veldig viktig å få så mange økter som mogleg på gode forhold før meisterskap og løp på raske banar, og det ville vore ei stor ulempe for meg og andre i same situasjon å ikkje få høvet til dette, skriv Wiklund.
KONKURRENTAR: Ragne Wiklund møter tøff konkurranse i Antoinette Rijpma-de Jong i verdscupen.
Foto: VINCENT JANNINK / AFP