Retten slo fast at det er den internasjonale idrettsdomstolen CAS som har siste ordet i dopingsaker. Og CAS har tidlegare dømt Pechstein for doping etter høge blodverdiar.
Pechstein meinte at hennar høge blodverdiar kom av ein arveleg sjukdom frå faren. Men det har CAS tidlegar avvist. Dagens dom betyr dermed at dagens idrettslege rettspraksis kan dermed halde fram.
Det har knytta seg stor spenning til høgsterettsdommen i Karlsruhe i dag. Dommen kunne i ytterste konsekvens teke frå CAS autoriteten som øvste domstol i idrettssaker.
Stressa Pechstein forlet rettssalen
Pechstein var sjølv til stades i Karlsruhe, og forlet rettssalen tydeleg stressa då dommen hadde falle.
Claudia Pechstein avgav prøver som viste for høge blodverdiar under eit verdscup-stemne på Hamar i 2009. Sjølv hevda ho at dette var naturlege verdiar for henne, ein arveleg sjukdom ho hadde etter sin far. Undersøkingar hos tyske spesialistar har seinare stadfesta dette.
Claudia Pechstein (44) er den tyske vintersportutøvaren som har teke flest medaljar i OL – fem gull, to sølv og to bronse. Ho deltok i fem OL frå 1992 til 2006, og dessutan i 2014. Og så seint som i desember i fjor vart Pechstein tysk meister for 24. gong.
– Eg har aldri dopa meg, sa ho då, og held fast på dette framleis.
Men det hjelpte ikkje. Pechstein vart utestengd i to år, og mista mellom anna OL i Vancouver i 2010 på grunn av det.
– ISU har øydelagt livet mitt, sa ho etter det.
– Eit helvete
Ho har seinare anka saka gjennom dei vanlege rettskanalane, inkludert Cas, den høgaste internasjonale idrettsdomstolen. Utan å vinne fram.
– Eg ønskjer ingen å gå gjennom det eg har, seier ho til New York Times. – Det er eit helvete.
Men Pechstein gav seg ikkje, og i januar fekk ho medhald i ein regional domstol i München. Domstolen gav grønt lys for anke til høgsterett, med eit erstatningskrav mot ISU på nærmare 50 millionar kroner for tapte inntekter.
– Kjempar til vi er døde
Der tapte ho i dag. Men sjølv om det var i hølgsterett, vil ikkje Claudia Pechstein eller hennar hjelparar gi opp.
– Nei, vi vil truleg kjempe til vi er døde. Det hlyrest kanskje truande ut, men slik er det, seier Matthias Grosse, ein av Pechsteins medhjelparar i prosessen.
Pechsteins advokat sa rett etter domsavseiinga at dei no vil sppellere saka til den tyske forvatningsdomstolen. EU-domstolen kan også vere ein utveg fpr den tyske skøytestjerna.