– Han er klasse og heilt der oppe med Bale, Ronaldo og Messi.
Morten Gamst Pedersen veit kva han snakkar om. Som Blackburn-spelar var han på høgde med Cristiano Ronaldo som Premier Leagues mest effektive frisparkskyttar da han tangerte portugisarens 10 må på direkte frispark i 2012.
To gongar i EM har Payet demonstrert at han har ein usedvanlig god skotfot.
I opningskampen mot Romania viste han skotfoten for fyrste gong i eit meisterskap med eit herleg langskot - og i tillegg produserte han heile åtte målsjansar.
På overtid i onsdagens kamp mot Albania scora han nok eit briljant mål. Payet banka inn 2-0 for Frankrike mot Albania.
– Det var oppskrifta på å score eit fint mål, seier fotballtrenar Steinar Nilsen.
Berre sjå her:
Har slutta å trene på frispark
Payet har ei litt uvanleg forklaring på kvifor han har ein så god skotfot, først og fremst på frispark. I vår fortalde han nemleg at han heilt har slutta å trene på frispark.
– Eg var fornøgd med korleis eg traff ballen, forklarer han.
Spørsmålet frå journalisten var naturleg. Kvifor hadde han slutta å trene på frispark? West-Ham spelaren meinte nemleg det var grunnen til frisparksuksessen.
– Tidlegare i sesongen jobba eg hardt. Heilt til kampen mot Bournemouth (januar, journ.merk) der eg scora på frispark. Etter den kampen har eg ikkje trent på frispark i det heile tatt, sa Payet til avisa Evening Standard tidlegare i vår.
Sjølv utan trening kom frisparkmåla likevel på løpande band. Mot Manchester United i FA-cupen, Crystal Palace i ligaen og for landslaget i den siste treningskampen mot Kamerun.
– Vanlegvis kan eg seie om det blir mål i det eg treff ballen. Derfor kan eg av og til feire før eg ser det blir mål, sa Payet.
Etter det siste målet mot Kamerun sa Payet ifølgje The Telegraph at han er så effektiv på dødball, at han tenkjer publikum krev at han skal score på frispark kvar einaste gong.
Akkurat den flyten og kjensla kan Morten Gamst Pedersen kjenne seg igjen i.
– Det er ei fantastisk kjensle. Kvar gong du skal ta frispark veit du at nå kan du score mål. Eg trur ikkje han bryr seg om presset frå publikum i det heile tatt, sjølvtilliten hans er på topp, seier Gamsten.
Blant dei aller beste
NRKs fotballekspert Karl-Petter Løken meiner Payet er i same klasse som Bale, Ronaldo og Messi.
– Han har ein fin balanse og eit godt tyngdepunkt når han skyt frispark.
– Messi er nok den aller beste frisparkskyttaren, men han er der oppe blant dei aller, aller beste, seier Løken.