NRK Meny
Normal

– Paulo Dybala er den mest interessante i fotballverda akkurat no

– Dybala har sin eigen personlege stil. Dersom han held fram utviklinga kan han utvikle seg til ein svært god Dybala, ikkje ein ny Messi, seier Viasat-kommentator Rolf-Otto Eriksen.

Paulo Dybala scoret de to første målene i kampen mot Barcelona.

YESSS: Paulo Dybala scora to gonger mot Barcelona i første kamp. (Video med løyve frå Viasat Fotball)

Laster innhold, vennligst vent..

Førre tysdag scora Paulo Dybala to mål mot Barcelona i meisterligaen. To dagar seinare forlenga 23-åringen kontrakten med Juventus til 2022.

Han blei skadd i ligakampen mot Pescara i helga, men ikkje verre enn at han er med i troppen mot Barcelona på Nou Camp i kveld, skriv calciomercato.com.

Dybala er for lengst kalla «den nye Messi». Det er ikkje berre fordi begge er frå Argentina og har gode venstrebein.

– Dei er også ekstremt gode med ballen, så det er ikkje så rart Dubala får den samanlikninga, seier Rolf-Otto Eriksen. Viasat-kommentatoren følgjer italiensk fotball svært tett.

– Langt fram til Messi

Lionel Messi

LIONEL MESSI: – Samanlikninga er overdriven. Lionel er på eit heilt anna nivå, seier Paulo Dybala

Foto: Manu Fernandez / AP

Likevel: Det skal noko til å matche meisteren frå Argentina. Som 23-åring hadde Messi allereie vunne Gullballen. Og han er berre to scoringar frå utrulege 500 mål for Barcelona, trass i at han enno ikkje har fylt 30 år.

– Det er langt fram til det Messi har oppnådd. Og det er det som er problemet med denne samanlikninga.

– Paulo Dybala er etter mitt syn den mest interessante i fotballverda akkurat no, seier Eriksen.

I same kamp for tredje gong

Dybala sjølv meiner samanlikninga er overdriven.

– Det er enorm avstand mellom han og meg. Han er på eit heilt anna nivå, seier han til goal.com.

I kveld blir berre tredje gongen dei to spelar i same kamp.

Første gong var dei lagkameratar i VM-kvalifiseringa i Mendoza heime i Argentina i september i fjor. Den kom Messi best ut av. Han scora kampens einaste mål mot Uruguay, medan Dybala fekk to gule kort før pause og blei utvist.

Paulo Dybala

RISING STAR: Paulo Dybala er superstjerne i Juventus og Serie A. I kveld kan han senke sitt førebilete Lionel Messi

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

– Min draum var lenge at eg kunne spele vegg med Messi. Den kvelden fekk eg det, sa Dybala.

Men også Messi blei utvist i sin landslagsdebut, mot Ungarn i 2005. Han kom inn som innbytar og fekk raudt kort etter berre to minutt.

Barca treng nytt PSG-mirakel

Den andre gongen var i Torino førre tysdag. Den duellen vann Dybala med sine to raske mål i første omgang, og med Juventus' 3-0-siger.

– Det var ein av mine største kveldar i fotball, sa Dybala. – La oss ikkje øydeleggje det.

Han tenkte nok på at Barcelona etter 0–4 i første kamp mot PSG i åttedelsfinalen vann 6–1 i returkampen.

I kveld er det opp til Dybala å score nok til at ikkje Barcelona nok ein gong kan levere eit mirakel og gå vidare i meisterligaen.

Siste nytt

  • Alle tre topplaga tapte

    Både Aalesund, Viking og Sandnes Ulf tapte i dagens runde i 1. divisjon. Resultat: Aalesund - HamKam 1-2, Jerv - Viking 3-2, Mjøndalen - Sandnes Ulf 1-0, Sogndal - Strømmen 5-1, Florø - Levanger 0-2, Notodden - Åsane 0-0, Tromsdalen - Nest Sotra 3-1.

    Eliteserien fotball 2018: Viking - Ålesund.
    Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
  • Selvmål reddet Haugesund

    Tromsøs Kent-Are Antonsen scoret kampens eneste mål i oppgjøret mot FK Haugesund søndag. Han satte ballen i feil mål i første omgang, og FKH vant 1–0.

     Kent-Are Antonsen
    Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix
  • Scoret fem mål på 12 minutter

    Sogndal havnet tidlig under 0–1 i søndagens 1.-divisjonskamp mot Strømmen.

    Så scoret Sogndal fem mål fra det 18. til det 30. minutt. Etter en halvtime sto det 5–1 på Fosshaugane. Det ble også sluttresultatet for Eirik Bakkes menn.

    Kvalifisering til Eliteserien 2018. Sogndal mot Ranheim 1 - 0
    Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal