– Eg synst det er kjipt at det ikkje er pengar til det. Det er like viktig for oss å komme seg ut og drive med idrett som funksjonsfriske, seier 36-åringen til NRK.
I ein regnfull hovudstad stakar Thomas Morud seg fram rundt grusløypa på Sognsvann. I vaksen alder har han valt å satse på idretten, men det må skje i ein lånt kjelke frå Noregs skiforbund.
Trass i at Nav har innvilga søknaden om støtte til eigen kjelke er pengekassa tom.
– Eg treng det jo absolutt. Viss ikkje får eg ikkje trene her på Sognsvann eller gå på langrenn om vinteren. Då blir det å sitte inne, og det er jo ikkje optimalt.
Småleg
Idrettsforbundet bad om ei løyving på 200 millionar kroner til utstyr for funksjonshemma. I forslaget til statsbudsjett kom det berre 80 millionar kroner.
Sjølv om det er ein auke på 30 millionar kroner frå i fjor, så får det idrettspresidenten til å bruke sterke ord.
– SMÅLEG: Idrettspresidenten er skuffa over regjeringa.
Foto: Terje Pedersen– Her har man vore veldig småleg. Det er eit gap på 120 millionar kroner og eit stort etterslep dei siste åra, seier Berit Kjøll til NRK.
No festar ho sin lit til at forhandlingane skal gi full utteljing.
– Her meiner eg stortinget og regjeringa har ein gyllen mogelegheit til å legge 200 millionar kroner i potten, slik at vaksne menneske med funksjonsnedsetting faktisk kan få dei hjelpemidla dei treng.
Potten som heiter aktivitetshjelpemiddel til vaksne skal nemleg bidra til at personar som Thomas Morud og andre med funksjonsnedsetting skal kunne drive med idrett.
– Eg ser kor mykje det betyr for meg sjølv, det å kome ut i naturen, treffe vennar og drive med sport. Man held seg frisk og det er jo bra for helsa, meiner Morud.
Alle vil ha meir
Minister for forsking og høgare utdanning, Henrik Asheim, understrekar at dei trass alt har auka potten med 30 millionar kroner, sjølv om det er langt unna summen idretten bad om.
AUKE: Minister for forsking og høgare utdanning, Henrik Asheim, understrekar at regjeringa har auka potten med 30 millionar kroner.
– Alle meiner man burde løyva meir på ein dag som dette, er svaret hans til idrettspresidenten.
Han seier at dei alt i revidert nasjonalbudsjett har sett at det er for lite pengar, men at dei no har vore opptekne av å gjennomgå ordninga.
– 30 millionar bidrar til at enda fleire får delta i dette og det er det viktigaste for oss, så er det klart vi må følgje diskusjonen nøye og sjå korleis bruken er, seier Asheim.
VIKTIG: For Thomas Morud er han heilt avhengig av støtte for å kunne drive med idretten sin.
Foto: Haron Hussain / NRK