– Eg er veldig nøgd både med Donatello og meg sjølv, seier ei overlykkeleg Ann Cathrin Lübbe til NRK etter å ba blitt gratulert og omfamna av både idrettspresident og generalsekretær.
Ho fekk poengsummen 72,828 og måtte vente medan dei siste konkurrentane gjekk til angrep på poengsummen. Men det heldt, og Lübbe kunne juble.
– Dette har vi fortent.
– Deler gullet med Mina
Ho tar ikkje av når NRK ber henne skildre rittet.
– Det gjekk akkurat slik vi hadde planlagt. Vi hadde god flyt, og fekk retta på det vi skulle rette på. Det var heilt optimalt. Varmen var berre ein bonus for meg, eg elskar når det er varmt og godt.
– Kor viktig er dette gullet for deg?
– Det er veldig viktig, både for meg og dei som eig Donatello. Og eg deler gullet med Mina, seier ho.
Historia om Mina er sterk for den ferske gullvinnaren.
– Mina var ein elev som døydde i ei bilulykke for tre år sidan. Ho reid på Donatello. Det er ei ære for meg å få lov å ri den hesten. Det betyr utruleg mykje for meg.
Mina Skogheim sikta seg inn på OL med sin kjære Donatello som foreldra Tanja og Kim kjøpte til Mina i 2012. Dei to hadde eit svært nært og varmt forhold, og Ann Cathrin Lübbe var trenaren deira.
Så skjedde ulykka i 2013. Mina blei borte. Donatello stod igjen. Ann Cathrin tok til å trene på hesten.
Og i dag blei det gull på Donatello.
– Fantastisk bonus
Lübbe har vunne gull i Paralympics to gonger før. Og det er mykje trening som ligg bak medaljen.
– Det er treninga som gir meg mest. Medaljen blir ein fantastisk bonus som viser at akkurat no er eg best. Og det er kjempebra, seier ho med ein smittande latter.
– Så eg er veldig nøgd og audmjuk og happy og verkeleg stolt.
Det blei heilnordisk i konkurransen, med sølv til danske Susanne Sunesen og bronse til svenske Louise Etzner Jakobsson.
Idrettspresident Tom Tvedt finn nesten ikkje ord når han skal beskrive gleda over gullet.
– Dette er heilt utruleg - heile historia hennar og måten ho gjer dette på. det var ei flott oppleving med ei rørande historie, og ein fantatsisk ryttar og person. I dag skal vi feire henne.
– Kvifor betyr dette så mykje?
– Dei viser at dei er toppidrettsutøvarar, og at dei er gode førebilete for alle ungdomar som er heime og trenar kvar einaste dag i kvar stall i Norge.